SLUTTAR: Egil Mundal takkar av som dagleg leiar i Sogndal Fotball etter sju år i jobben. Yngve Hallén tek over frå nyttår. (Foto: Endre Romøren)

Mundal sluttar i Sogndal Fotball - Hallén tek over

Egil Mundal gjev seg i klubben etter nesten åtte år som dagleg leiar.

Publisert 05.12.2017 kl. 12.54. Oppdatert kl. 13.11.

Det melder klubben i ei pressemelding. Mundal blei leiar i Sogndal Fotball i 2010 då Yngve Hallén blei fotballpresident, men har no takka ja til nye utfordringar.


Han tek over som dagleg leiar i teknologiselskapet Rocketfarm AS, som også held til på Fosshaugane Campus.


- Sogndal Fotball har hatt ei flott utvikling i tida med Egil som leiar. Både sportsleg og administrativt har klubben bygd eit sterkare fundament i norsk toppfotball. Han har jobba målretta mot å vidareutvikla samspelet mellom ulike fagmiljø på Fosshaugane Campus, og han har særleg ivra for å gjere fotballklubben meir teknologi- og kunnskapsbasert, seier styreleiar Tor Arne Ness i pressemeldinga, og held fram:


- At Egil no skal bli leiar i ei teknologibedrift på Campus er spennande i høve å utvikla dette samspelet vidare. Me takkar Egil for innsatsen, og ønskjer han lukke til med nye utfordringar.


Hallén tek over

Mundal seier sjølv at han har gått ein fantastisk leiarskule i i Sogndal, som har gitt han mykje han vil vera evig takksam for.


- Etter over ti år i klubben har hovudet no behov for nye utfordringar, medan hjarta har behov for å bruke meir helgetid på flokken min heime. Som så mange andre ønskjer eg sjølvsagt å kunne bidra kring klubben på frivillig basis i åra som kjem, seier Mundal i pressemeldinga.


Klubben skriv at Yngve Hallén, som er dagleg leiar i Sogndal Fotball AS, frå årsskiftet vil vera konstituert som ny dagleg leiar til ein ny mann er på plass.


Fram til det vil Mundal i ein overgangsfase bidra inn mot lisensrapportering og arbeid mot sponsorbedrifter i klubben.


Siste saker Gå til framsida