KVALIKJUBEL: Kaupanger-damene slo Fyllingsdalen og er klare for kvalifiseringskampar for opprykk til 1. divisjon. (Foto: Håvard Nesbø)

Mjåseth sikra tittelen for Kaupanger: - Ubeskriveleg digg

Kaupanger er klare for opprykkskvalifisering til 1. divisjon etter å ha slått Fyllingsdalen 1-0 i dagens seriefinale på heimebane.

Publisert 15.10.2017 kl. 16.11. Oppdatert kl. 18.11.

I ein spennande kamp med nerve, men få store sjansar kunne heimelaget sleppa jubelen laus i det 73. minuttet. Spissen Miriam Vilnes Måseth drog seg forbi to spelarar og sende i veg eit skot som Fyllingsdalen-målvakta ikkje klarte å stogga.


- Eg skjønte det ikkje heilt sjølv med ein gong. Eg fekk ballen ut forbi boksen, og gjorde eit forsøk på eit skot. Det var vel kva ein kan kalle eit lompeskot. Når eg snur meg att, så ligg ballen i nettet, det var heilt ubeskriveleg digg, seier Mjåseth. 


Fortent

At ho fekk utteljing i ein so avgjerande kamp har ho hatt ein draum om lenge.


- Det var på tide at me fekk spela desse opprykkskampane no. Det var ein fortent siger, sjølv om det var ein slitekamp for vår del. Ein har som spelar alltid ynskje om å avgjera kampar. Me gjorde dette i dag som eit heilt lag. Sjølv om me kanskje hadde litt nerver innleiingsvis, så torer eg påstå at me sprang det av oss. Me visste kva me møtte av motstand, og takla Fyllingsdalen ganske bra, seier Mjåseth.


- Dei fekk ikkje utretta det store sjølve. No er det berre heilt herleg. Me hadde ein god vårsesong, så dabba det litt av. Me har tapt på marginar tidlegare, så i dag var det ganske så deileg at me vann den avgjerande kampen.


Glad trenar

Det var ikkje berre spelarane som jubla etter kampslutt. Trenar Øystein Lindesteg Rinde var berre eit einaste stort smil.


- Ei lykkekjensle, deileg å vinna serien. No er me endeleg der me skal vera, og har fortent å vera. Tabellen lyg ikkje, sier Rinde, og gjev velfortent skryt til spelarane.


- Eg må innrømma at me sleit litt til tider. Dei slo lange ballar så det blei mange kraftige duellar. Men me sleit ikkje i eigen boks. Me hadde to enorme midtstopparar.  Andrea Hopen og Åshild Haugen var heilt «outstanding» i midtforsvaret. Alt av lange ballar fram mot oss rydda dei opp. Og me har målscoraren vår i Miriam, i dag fekk ho betalt for det konstante jaget ho har på topp.


Kvalifisering neste

No skal laget ut i kvalifiseringsspel til førstedivisjon mot Hønefoss og Tromsdalen, der første kamp er mot førstnemnde lag allereie komande helg.


Lindesteg Rinde tek det heilt ned når han snakkar om førebuingane.


- Me skal trena som vanleg den komande veka, så får me sjå kva dag det blir kamp. Anten laurdag eller søndag. Me møter Hønefoss borte, og køyrer same inngang som me alltid gjer, seier Rinde.


Usikre kort

Kaupanger hadde veldig mange usikre kort på bana mot Fyllingen, men trenaren håpar flest mogleg skal vera speleklare til helga.


- Silje Torvanger var ikkje heilt pigg i dag, og skulle nok ikkje spelt. Karianne Kvam Gurvin er også ute. Me får sjå. Me gir full gass med det me har, noko anna er nyttelaust. Me lever i nuet og skal gi absolutt alt i dei neste kampane, seier ein nøgd og glad trenar.


Siste saker Gå til framsida