AVGJORDE: Innbytar Erik Mjelde blei matchvinnar i kampens siste ordinære minutt då Sandefjord slo Sogndal 2-1 fredag kveld. (Foto: Geir Eriksen)

Mjelde senka Sogndal i siste ordinære minutt

Sandefjord scora i siste minutt av begge omgangane, og slo dermed Sogndal 2-1 i dagens kamp på Komplett Arena.

Publisert 11.08.2017 kl. 18.35. Oppdatert kl. 21.34.

Sandefjord tok leiiinga sekundar før pause, då dei fekk utteljing på ein corner. Joackim Olsen Solberg slo inn frå venstre, Håvard Storbæk sprang seg fri på tvers av feltet mot første stolpe, ingen følgde løpet hans, og dermed fekk midtbanespelaren ein enkel jobb med å setja inn 1-0 i favør heimelaget.


Dei første 45 minuttane var av den sjansefattige sorten, men dei gongene det skjedde noko var det i regi av Sandefjord.


Allereie etter tre minutt var Olsen Solberg nære ved, då frisparket hans frå 20 meter gjekk like utanfor høgre kryss. Midtveges i omgangen var det Flamur Kastrati sin tur då han plutseleg blei spelt heilt fri ute på høgresida, men vinkelen blei litt for spiss då han avslutta, dermed fekk Mathias Dyngeland handa på ballen.


Null sjansar

Sogndal lukkast i lange periodar med å pressa heimelaget ut av stilen, slik at dei ofte enda opp med å slå lange og upresise ballar.


Men gjestene var ikkje akkurat veldig presise dei heller, og gjekk av bana til pause utan å ha notert seg for éin kvalifisert målsjanse. Det einaste forsøket kom då Chidiebere Nwakali prøvde seg med eit langskot frå om lag 35 meter etter druge halvtimen, men sett vekk frå ein litt lei sprett hadde heimekeeper Ingvar Jonsson få problem med å stoppa skotet.


Greenidge utlikna

Etter kvilen gjekk Sogndal rett i strupen på Sandefjord, og fekk betalt umiddelbart. Eirik Birkelund plukka opp ballen ved utsida av 16-meteren, og slo presist inn mot hovudet til Reiss Greenidge.


Engelskmannen nytta seg godt av sine 195 centimeter, og heada kontrollert inn utlikninga til 1-1.


Sju minutt seinare var Olsen Solberg nære ved å gjera 2-1 då han blei spelt åleine i gjennom med Dyngeland, men nok ein gong var keeperen god og stoppa skotet med ein beinparade.


Siste minutt - igjen

Men så small det. Og akkurat som i første omgang slapp Sogndal inn i omgangens siste ordinære minutt.


Carlos Grossmüller køyrde tunnel på Bendik Bye og fyrte av eit skot, Sogndal klarerte forsøket rett i ein anna Sandefjord-spelar, slik at Erik Mjelde plutseleg blei ståande åleine på sju meter og enkelt heada 2-1 i nettet.


Meir skjedde ikkje, dermed blei det ein bekmørk kveld for Sogndal i Vestfold. I tillegg til tapet fekk både Kjetil Wæhler og Per-Magnus Steiring gult kort, det gjer at begge må stå over den svært viktige heimekampen mot Kristiansund neste søndag.


Siste saker Gå til framsida