UTLIKNA: Per Eirik Lunde utlikna til 2-2 for Fjøra i dagens heimemøte med Os. (Foto: Endre Romøren)

Lunde berga poeng for Fjøra

Spelte 2-2 heime mot Os laurdag.

Publisert 12.08.2017 kl. 18.16.

Fjøra tok leiinga etter berre tre minutt, då superveteranen Arild Underdal var vaken på returen frå tverrliggjarskotet til Joar Hoberg, og sette 1-0 i nettet.


Men dei raudkledde har slite med å stengja att bakover i årets sesong, og klarte ikkje å låsa døra denne gongen heller. Erik Kanestrøm utlikna midtveges i omgangen, og 20 minutt før slutt sørgde same mann for 1-2.


Dermed styrte Fjøra mot eit nytt tap, heilt til betongstopparen Per Eirik Lunde tok ansvar åtte minutt før full tid. Systrendingen plukka opp ein retur etter corner, og dunka inn utlikninga til 2-2.


Uavgjorten gjorde at Fjøra plukka sitt tiande poeng i årets sesong, medan det er 11 pinnar opp til Stord på trygg grunn.


Les meir om: Sport Fotball Sogndal