OPPRYKKSKAMP: Kaupanger spelar første kvalifiseringskamp om opprykk på bortebane mot Hønefoss i dag. (Foto: Håvard Nesbø)

Leikestove for Kaupanger - tok sjumilssteg mot 1. divisjon

Kaupanger vann 4-0 mot Hønefoss i den første kvalifiseringskampen om opprykk til 1. divisjon.

Publisert 22.10.2017 kl. 10.00. Oppdatert kl. 14.13.

Silje Torvanger skaut dei grønkledde i føringa 18 minutt ut i kampen, då ho lada høgrefoten frå om lag 30 meter. Veteranen fekk klokkereint treff på kula, og sendte ballen i ein boge over heimelagets keeper til 1-0.


Jubelen hadde sovidt lagt seg før scoring nummer to sat i nota. Miriam Vilnes Mjåseth blei spelt fram, dribla seg forbi to motspelarar og sette ballen kontrollert i lengste hjørna til 2-0.


Kaupanger tok kommandoen frå start i kampen, der frontkvartetten Torvanger, Mjåseth, Tea Berteig og Ylinn Tennebø skapte mykje trøbbel for vertane.


Etter berre seks minutt skaut Torvanger i tverrliggjaren frå 17 meter, og kort tid etter 2-0 målet var det Marie Ruud Pettersen sin tur til å treffa metallet då hennnar forsøk frå omtrent same hald small i stolpen.


Mjåseth igjen

Éinvegskøyringa tok ein liten pause etter dette, før Kaupanger igjen fann opninga i det kampuret passerte 40 minutt. Tennebø drog seg fint innover i bana, og leverte ein endå finare stikkpasning igjennom til Mjåseth, som kom åleine med keeper. Det første skotet gjekk rett på sisteskansen, men på returen var spissen hissigast og takla inn sitt andre for dagen.


Og som om ikkje det var nok: Like etter der igjen var det Berteig sin tur til å testa skotfoten frå langt hald, om lag 35 meter. Det blei eit nytt klokkereint treff, og dermed gjekk trenar Øystein Lindesteg Rinde sine damer i garderoben med leiing 4-0.


Kontrollerte

I andre omgang skjedde det nærmast ingenting, då Kaupanger var nøgde med å liggja i rammene og kontrollera inn sigeren.


Den første sjansen etter pause kom kvarteret før slutt, då Mjåseth var nære på å bli tremålsscorar då ho heada ballen rett på keeper etter innlegg frå høgre.


Minuttet etter burde Hønefoss redusert då dei kom åleine med keeper etter ei kontring, men spissen brukte for lang tid på å avslutta, slik at Kaupanger-sisteskanse Linn-Mari Nilsen fekk hanskane på ballen.


Avgjerd på heimebane

Sigeren gjer at Kaupanger får sjansen til å avgjera opprykket heime på eige kunstgras, når Tromsdalen kjem på besøk enten komande helg, eller helga etter. Dette er førebels ikkje bestemt.


Med siger der vil laget vera klare for 1. divisjon komande sesong.


Siste saker Gå til framsida