GOD START: Kristin Husum skaut 30 treff av 30 moglege på den innleiande feltskytinga under Landsskyttarstemnet måndag. (Foto: Jørn Njøs)

Kristin imponerte på veg mot finalen

Skaut fullt hus på den innleiande skytinga under Landsskyttarstemnet i Stjørdal.

Publisert 07.08.2018 kl. 15.01. Oppdatert kl. 15.10.

På feltskytinga i klasse rekrutt kvalifiserte jenta frå Systrond seg til finale med 30 av 30 treff, og låg dermed på andreplass før kampen om medaljane skulle avgjerast.


- Det er vanvittig bra å skyta fullt hus. Dei brukar kaliber 22 i denne klassen, som er ein ammunisjon som er utsett for vind og alt mogleg. Då er det sterkt å skyta 30 av 30, seier Jørn Njøs i Leikanger skyttarlag.


Finalen går på fredag.


Fire av 492

Også Gabriel Skjulhaug Yttri frå same skyttarlag leverte i dei innleiande rundane av landsstemnet.


Han skaut seg til banefinale som fjerde bestemann av totalt 492 skyttarar i klasse 2. Denne blei òg skoten måndag ettermiddag. Yttri er i tillegg klar for feltfinalen på fredag, der han er nummer fem før alvoret tek til.


- Gabriel har skote godt, og er totalt sett éin av dei beste skyttarane i klasse to, seier Njøs.


I finalen enda Yttri på 13. plass. Eirik Hylland frå Aurland blei nummer åtte, medan Bjørn Jarle Fosse frå Sogndal fekk 10. plass. Janne Marita Bergheim (Leikanger) blei nummer 41.


Varm i trøya

I dag skal dei store kanonane i aksjon i innleiande runde på bana i klasse 5.


Denne blir sendt direkte på fjernsyn, og Vegard Solhaug er mellom dei som skal i elden. Aurlendingen verkar å vera varm i trøya, ettersom han skaut fullt hus på feltrunden måndag.


- Då er han likt med dei som leiar, så han har alle moglegheiter, seier Njøs.