NEDRYKK: Eirik Schulze fekk trøyst av Bjørn Inge Utvik og Dag Martin Fardal etter å ha bomma straffesparket som sende Sogndal ned i 1. divisjon. (Foto: Endre Romøren)

Sogndal klare for 1. divisjon: Rykte ned etter straffekonk

Ranheim vann på straffesparkkonkurranse og sende Sogndal ned i 1. divisjon.

Publisert 02.12.2017 kl. 17.00. Oppdatert kl. 22.03.

Det mest dramatiske som skjedde før pause på Extra Arena var at Kjetil Wæhler måtte gje seg tidleg med skade.


Veteranen sette seg ned på kunstgraset med det som såg ut som ein skade i låret etter 24 minutt, og makta ikkje å halda fram i det som truleg var hans siste kamp for Sogndal. Wæhler gjekk ut, og blei erstatta av Bjørn Inge Utvik.


Sjansefattig

Heimelaget kom best i gong, og hadde det meste av banespelet i den andre kvalifiseringskampen om den siste plassen i eliteserien 2018.


Ranheim kom seg ikkje til klare målsjansar, men spelte seg til fleire innlegg frå kantane, i tillegg til mange cornerar og frispark.


For Sogndal sin del var det lite som stemte offensivt. Ballen blei oftast slått tidleg opp mot Martin Ramsland, som hadde ei stri tørn mot to midtstopparar. Kantspelarane Gilbert Koomson og Stanisa Mandic blei lite involvert i spelet, og dermed blei det ein lite produktiv omgang framover på bana for gjestene.


Éinvegskøyring

Ranheim opna best også etter pause, og i det 52. minutt var det ytterst nære at det blei utteljing.


Aslak Witry banka til frå 18 meter, og Mathias Dyngeland fekk akkurat fingertuppane på ballen før den small i stolpen bak han, og gjekk ut.


Sogndal makta ikkje å få til noko som helst av spel, og presset frå Ranheim heldt fram.


Ei stund etter der fyrte Kristoffer Løkberg av ein kanon frå 22 meter som samtlege heimetilskodarar trudde sat limt i krysset, heldigvis for Sogndal gjekk det like utanfor.


Ti minutt seinare prøvde Christian Eggen Rismark seg med ein halvvolley, han trefte godt, men skotet gjekk meteren utanfor den lengste stolpen til Dyngeland.


Så prøvde Løkberg seg på nytt frå 17 meter med ein ny kanon, som gjekk like over tverrliggjaren.


Straffemål

Sju minutt før slutt kom ein ny stor sjanse: Innlegg frå høgre, og frå seks meter heada Michael Karlsen like utanfor.


Så small det. Ein heimespelar blei felt i boksen, dommar peikte på straffemerket og frå 11 meter var Karlsen sikker og sette inn 1-1.


Heimelaget heldt fram med å overkøyra bortelaget, men klarte ikkje å scora endå ein gong, dermed gjekk kampen til ekstraomgangar.


Straffekonk

I dei første 15 minuttane av desse skjedde det forholdsvis lite.


Ranheim styrte igjen spelet, men var litt meir forsiktige og kom ikkje til dei største sjansane. Sogndal? Dei fekk endeleg eit skot på mål då Joachim Soltvedt skaut rett på Even Barli frå langt hald. I andre ekstraomgang skjedde det lite, dermed enda det heile med straffesparkkonkurranse.


Der bomma Eirik Schulze for Sogndal, medan samtlege av dei andre spelarane scora på sine forsøk. Dermed skal Sogndal spela i 1. divisjon komande sesong.


Siste saker Gå til framsida