FØRSTE STEMNE: Arvid Brennset, Olav Skarsbø og Leif Bjarne Sæle er klare til å ta imot skyttarar til det første offisielle stemnet i det nye skyttarhuset på Leikanger.

Klart for første offisielle stemne i nytt hus

Det nye skyttarhuset på Leikanger får elddåpen til helga.

Publisert 08.11.2017 kl. 12.30.

Huset blei offisielt opna i oktober, og no skal skyttarar frå Leikanger, Sogndal, Hafslo og Norum nytta seg av den nye miniatyrbana for første gong.


- Dette er for å sparka folk i gang att, etter ein liten pause. Dette markerer oppstarten på skytesesongen, og handlar mest om å koma i gang, utan for mykje fokus på resultat. Me reknar med at det vil bli eit par hundre deltakarar, seier Olav Skarsbø i Leikanger Skyttarlag.


- Spennande

Skarsbø ser fram til å få testa den nye bana og alt det tekniske for første gang i stemnesamanheng.


- Me har brukt det til trening, så me har kontroll på at alt fungerer. Men det blir likevel spennande, og det blir kjekt at mange vitjar oss for første gong i det nye huset, seier han.


 


Siste saker Gå til framsida