HEIMESIGER: Kim Andre Stokke scora det første målet då Kaupanger vann 2-1 over Årdal FK fredag.

Kaupanger senka Årdal - sjå måla her

Kaupanger vann 2-1 over Årdal FK fredag kveld. Scoringane kan du sjå her.

Publisert 07.09.2018 kl. 21.47. Oppdatert kl. 09.55.

- Det var tre poeng som gjaldt i dag, ikkje "sexy football". Det blei mykje spark og spenn, duellar og skadar, men det er slik lokaloppgjer skal vera. Tre poeng smakar enormt godt, seier dei grøne sin trenar Ørjan Hjellhaug etter den duellprega og tidvis tøffe kampen.


Sjå måla frå kampen i videovindauget under.



Strekk - og mål

Det avgjerande målet var av den noko spesielle sorten:


Årdal-stoppar Edvin Hestetun hadde kontroll på eit langt oppspel, men gjekk i bakken med noko som såg ut som ein strekk i låret.


Dermed stakk Severin Halland i gjennom, og lobba elegant inn 2-0. Christian Stedje reduserte på overtid, dermed blei målet utslagsgjevande for resultatet.


Hjellhaug meiner det var rett å setja å ballen i nettet.


- Klart det. Me skadde ikkje Årdal-spelaren, så den er "fair", seier Hjellhaug, som gleda seg over å koma attende på vinnarsporet.


- Tek ikkje den ballen

Årdal-trenar Ivan Øy sa følgjande om situasjonen etter kampen.


- Viss han (Kaupanger-spelaren) er klar over at Edvin blir skadd, kan ein ta ein diskusjon på det. Men eg tek ikkje den ballen, og spelar den vidare. Det skjedde i kampens hete, så eg forstår Kaupanger-spelaren, seier Øy, som heller tykte mest synd i Hestetun.


- Det er synd for han. Han har ein gamal kropp, så det kan gå ei stund før han er på plass att.


Store sjansar

Årdølene hadde fleire gode sjansar til å ta leiinga før pause. Terje Kvam Øvstetun skaut like over med eit godt skot frå 20 meter, og etter 26 minutt sette Anders Lereng ballen til side for mål frå litt skrå vinkel frå ti meter.


I staden scora heimelaget på sin første sjanse i kampen, då eit kast blei heada i tverrliggjaren før Kim Andre Stokke sette inn returen.


På overtid av omgangen serverte Hestetun eit nydeleg innlegg til Lereng, men headinga frå fem meter gjekk rett på keeper.


- Me har nokre feite sjansar me er nøydd til å setja. Men me er i ein situasjon der me må bruka unge folk, halvskadde folk og folk ute av posisjon. Resultata våre den siste tida viser det, seier Øy etter berre eitt poeng på dei siste fire kampane.


Siste saker Gå til framsida