RYKTE OPP: Kaupanger har rykt opp til 1. divisjon etter at Tromsdalen vart slått 2-0 heime på Kaupanger stadion søndag. (Elin Hæreid)

Kapteinen sende Kaupanger til himmels

Elleville jubelscener då Kaupanger valsa over Tromsdalen og sikra opprykket til 1. divisjon.

Publisert 29.10.2017 kl. 13.52. Oppdatert kl. 17.22.

Kaupanger - Tromsdalen 2-0 (1-0)


Over 600 hadde teke turen til Kaupanger stadion for å støtta damene i den viktige kvalifiseringskampen om opprykk til 1. divisjon søndag.


Dei grønkledde skuffa ikkje og hadde full kontroll på gjestene frå Tromsdalen frå start til slutt. 


Toppscorar Miriam Vilnes Mjåseth sendte heimelaget i føringa etter 18 minutt. Kaupanger rulla fint opp langs venstresida der Ylinn Tennebø fann Mjåseth i feltet. Sistnemnde skaut via ein Tromsdalen-spelar og ballen gjekk i ein boge over målvakta.


Sjansesløseri

Fem minutt seinare burde spissen ha dobla leiinga. Kaupanger braut på midten og ballen hamna til slutt i beina til Mjåseth som var åleine med keeper, men skotet hennar strauk utsida av stolpen.  


På overtid av 1. omgang fekk Mjåseth nok ein ny moglegheit til å doble leiinga. Karianne Kvam Gurvin slo ein perfekt gjennombrotspasning til toppscoraren, men ein god redning frå Tromsdalen-keeperen hindra scoring.


Kapteinen tok ansvar

Kaupanger heldt fram finspelet etter kvilen. Etter ein times spel dobla heimelaget leiinga ved Tea Berteig. Kapteinen skrudde eit frispark opp i lengste hjørna frå om lag 22 meter.


Trenar Øystein Lindesteg Rinde kunne ikkje anna enn å hoppe av glede på sidelinja, vel vitande om at Kaupanger var på full fart opp i 1. divisjon.


Kaupanger heldt fram å produsera den eine store sjansen etter den andre, og burde ha leia med langt større siffer i det kampuret nærma seg 90. minutt.


Då domar Per Oddvar Lien blåste i fløyta kunne Kaupanger, og det rekordstore publikummet jubla for opprykk.


Stolt trenar

Kaupanger-trenar Øystein Lindesteg Rinde var ein stolt mann etter kampen.


- Det er klasseskilnad på laga, og det er fortent at me rykkjer opp. Me er stolte over å ha nådd målet som me har jobba så hardt for i tre år. Eg har ei ei fantastisk god kjensle i meg no. 


Han rosar spelarane sine som har lagt ned ein utruleg innsats denne sesongen, og legg til at det betyr mykje for heile Sogn og Fjordane å ha eitt lag i 1. divisjon.


- Me er flaggskipet i toppfotballen i fylket. Det er her me vil vera og det er ein fantastisk moglegheit for jentene å utvikla seg vidare i Kaupanger.


- Klubben har drive godt, driv godt og skal driva godt framover. No gler me oss til 1. divisjon. 


Siste saker Gå til framsida