JUBEL: Kaupanger hadde grunn til å jubla då dei møtte Hønefoss sist helg. (Arkivfoto/Ole Edvin Tangen)

Kan sikra seg opprykk søndag

Søndag tek Kaupanger imot Tromsdalen i den andre kampen i kvalifiseringa til 1.divisjon.

Publisert 27.10.2017 kl. 11.17.

Etter kampen søndag, der damelaget til Kaupanger møtte Hønefoss, var det usikkert når den andre kampen i kvalifiseringa for Kaupanger ville bli spelt.


På fotballforbundet sine heimesider stod det at kampen mot Tromsdalen skulle spelast første helga i november, men kampen blir spelt 29. oktober.


Kaupanger-damene står med éin fot i 1. divisjon etter at dei banka Hønefoss 4-0 i første kvalifiseringskamp sist søndag.


Dermed kan Kaupanger avgjera opprykket på eiga hand når dei får besøk av Tromsdalen i neste kvalifiseringskamp.


Siger der vil bety spel på nest øvste nivå i 2018. Ved uavgjort eller tap må dei venta på utfallet av ein eventuell kamp tre mellom Tromsdalen og Hønefoss.


- At det er opp til oss sjølv har me vore vand til heile sesongen. Det er best slik. Me skal lada godt opp, så håpar me folk stormar til stadion for å støtta oss, sa trenar Øystein Lindesteg Rinde til Sogn Avis etter kampen mot sist helg.


Her kan du sjå høgdepunkta frå kampen mot Hønefoss:



Gjekk du glipp av denne? Kaupanger fekk pris for kvalitet: - Me gjer dette for ungane våre


Les meir om: Sport Kaupanger fotball

Siste saker Gå til framsida