SCORA: Ingrid Jåstad (15) scora Noreg sitt mål då J15-landslaget spelte 1-1 mot Belgia fredag.

Jåstad scora for landslaget

Ingrid Jåstad (15) fekk ein god start på landslagskarrieren førre veke.

Publisert 05.11.2017 kl. 08.00.

Midtbanetalentet scora Noreg sitt mål då J15-landslaget spelte 1-1 mot Belgia i ein privatlandskamp fredag ettermiddag. Jåstad heada nordmennene i føringa etter 52 minutt, før heimelaget utlikna kvarteret seinare.


15-åringen frå Hafslo starta kampen på sentral midtbane, og fekk 67 minutt på bana før ho blei bytta ut. I den førre kampen mot same motstandar fekk ho 20 minutt som innbytar.


- Det var ein kamp der me starta betre enn sist. Me fekk litt meir trykk på Belgia i starten av kampen. Generelt utover i oppgjeret fekk me til eit betre angrepsspel enn i førre kamp. Det var nivåheving prestasjonsmessig i fleire fasar av spelet, men Belgia hadde flest sjansar, seier landslagstrenar Lena Tyriberget til fotball.no.


Gode referansar

Ho peikar vidare på at jentene har fått svært gode referansar under opphaldet, som dei kan ta med seg heim til klubbkvardagen.


- Alle spelarane har fått moglegheita til å visa seg fram og det er ein del av desse tiltaka - å gje spelarane internasjonal erfaring. Så gjeld det å ta med seg det heim i kvardagen og jobba godt der med dei krava dei har møtt, seier Tyriberget til nettstaden.


Siste saker Gå til framsida