ÅRDAL SPESIAL: Tommy Øren og Henrik Furebotn er gjester i Radl om badl denne veka, saman med programleiarane Endre Romøren og Morten Sortland. Det betyr Årdal spesial i podkaststudio.

Italiensk proffklubb ringde - mamma slengde på røyret

Ny episode av fotballpodkasten Radl om badl er ute, denne gongen i versjonen Årdal spesial!

Publisert 04.05.2017 kl. 12.00. Oppdatert kl. 13.11.

Dette fordi gjestene våre denne gongen er Sogndal-kaptein Henrik Furebotn og Sogndal-legende Tommy Øren - noko som betyr at samtlege fire karar i studio høyrer heime i industribygda inst i Sognefjorden.


I den tredje utgåva av Radl om badl kan du høyra kva dei to tenkjer om den tøffe starten Sogndal har fått på årets sesong, det blir historiar om Harald Aabrekk og Malick Mane og me sjekkar om Rune "heil ved" Bolseth har nokre svin på skogen.


Øren og Furebotn uttalar seg også om krisa årdalsfotballen styrer mot, i samband med torsdagens oppslag i Sogn Avis, der Årdal FK-trenar Ivan Øy spår at bygda snart står utan seniorlag i fotball.


Og ikkje minst, historia om då den italienske Seria A-klubben Udinese ringte til mammaen til Tommy Øren kjem fram. Kort fortald: Ho trudde det var sonen som tulleringde og slengde på røyret - to gonger.



PS. Du kan også abonnera på Radl om badl på iTunes. Her finn du alle episodane. God lytting.


Høyr dei to første episodane av Radl om badl:


Senka gamle lagkameratar og vart jaga tilbake til Sogndal


Bilen full av pølser og gås i bassenget


Siste saker Gå til framsida