(Illustrasjonsfoto)

Idrettslag i fylket får utbetalt 7,5 millionar kroner før jul

145 idrettslag i Sogn og Fjordane får pengar inn på kontoen til jul.

Publisert 06.12.2017 kl. 14.12.

Det blir rekordstor utbetaling til idretten etter at Lotteri- og stiftelsestilsynet i dag offentleggjorde tildelinga av kompensasjon for vare- og tenestemoms for 2017, melder Norges idrettsforbund.


145 idrettslag i Sogn og Fjordane får til saman 7,5 millionar kroner, noko som er ei auke på nesten 700.000 kroner frå i fjor.


Her kan du sjå kor mykje kvar klubb får


Meir enn i 2016

Totalt får norsk idrett no i desember tilført 487.378.496 kroner basert på rekneskapsåret 2016.


Av desse pengane blir 353 millionar kroner i vare- og tjenestemomskompensasjon fordelt på 5.521 idrettslag rundt om i heile landet. Det er fem millionar kroner meir enn i 2016-tildelinga, opplyser idrettsforbundet.


- Sårt tiltrengde

- Vare- og tenestemomskompensasjon er blant dei viktigaste ordningane når det gjeld rammevilkår for idrettslaga - og som sørgjer for at idrettslaga ikkje må betale avgift på frivillig arbeid. Det er ei enkel og ubyråkratisk ordning som gir sårt tiltrengde kroner i klubbkassene rundt om i heile landet, seier idrettspresident Tom Tvedt.


For særforbunda er tildelinga i år på 68,3 millionar kroner, på toppen av dei 19,4 millionane som særkrinsar/regionar har fått. Norges idrettsforbund sentralt får 20,7 millionar kroner i kompensasjon, medan idrettskrinsane får 8,8 millionar kroner.


Les meir om: Sport

Siste saker Gå til framsida