VIL HA MED FLEIRE: Kristin Kastet, frivilligsjef, håpar at fleire sogningar stiller opp som frivillig under årets utgåve av Fjellsportfestivalen. (Foto: Håvard Nesbø)

I fjor hadde dei meir enn nok frivillige. I år er situasjonen ein annan

Arrangøren i Fjellsportfestivalen håpar at fleire lokale blir med på laget.

Publisert 14.02.2018 kl. 11.06. Oppdatert kl. 11.07.

- I år har me slite litt med å få nok frivillige i motsetnad til andre år. No går me ut i media i håp om at fleire vil hjelpa til, seier Kristin Kastet, frivilligsjef i Fjellsportfestivalen.


Sogningar

- So langt har me fått med oss 180 frivillige, men me treng framleis fleire. Det er utruleg mange funksjonar som skal fyllast under ein så stort festival, seier Kastet og forklarar at i fjor hadde dei om lag 260 frivillige i sving.


- Det er mest studentar og elevar frå høgskulen som har melde seg so langt. Me har plass til fleire og ønskjer enda fleire lokale til å bli med på laget.


Håpar på 200

Kastet fortel at dei som ønskjer, kan melda seg som frivillig på nettsidene til Fjellsportfestivalen.


- I fjor var det så stor pågang at me måtte stengje påmeldinga i januar, men denne gongen har det altså vore litt vanskelegare å få med seg nok folk.


Frivilligsjefen seier det er mange arbeidsoppgåver til dei frivillige og håpar at dei bikkar 200 frivillige i år også.


- Klarar me å få 200, så hadde det vore veldig bra. Me er ved godt mot og trur absolutt at me skal greia det. Me opplever at det er veldig kjekt å vera her som frivillig og ser at dei er engasjerte og strekkjer seg langt for at festivalen skal vera best mogleg for alle involverte.


Varierte oppgåver

- Per no treng me folk til vakthald på hotell, til å jobba med afterski og til ned- og opprigging på hotellet i samband med føredraga som skal haldast. I tillegg treng me folk til gledespatruljen. Dette ei gruppe som reiser rundt heile bygda når det er festival og har med seg varm saft til skigåarar. Dei er også til stades på ulike arrangement og spreier glede, seier ho.


Les òg: Fartsfylt feiring av jubileum


Siste saker Gå til framsida