NÆRE: Martin Ramsland var nære på å senda Sogndal i føringa på denne sjansen etter 27 minutt. Kvarteret før slutt fekk han ein endå større sjanse, men sette ballen rett på keeper. Dermed enda kampen mot Odd 0-0. (Foto: Håvard Nesbø)

Hove med sterk startdebut i mållaus kamp mot Odd

Martin Ramsland bomma ein feit sjanse då Sogndal og Odd spelte 0-0 søndag.

Publisert 18.06.2017 kl. 17.22. Oppdatert kl. 21.12.

Å sjå kunstgras gro var betre underhaldningsverdi enn det fotballmessige dei første 45 minuttane på Fosshaugane.


Odd hadde ballen 70 prosent av tida og styrte det aller meste, men greidde sjeldan å gjera det skikkeleg farleg framfor målet til Mathias Dyngeland. Skienslaget spelte seg til fleire innlegg i retning Olivier Occean, men presisjonen på crossarane i retning den canadiske kjempa var oftast litt for dårleg. Occean kom til avslutning éin gong, men heada ballen halvmeteren til side for mål.


Sogndal baserte seg på kontringar, og var til likskap med gjesten farleg frampå éin gong. Gilbert Koomson dribla seg ned til dødlinja i det 27. minutt og slo inn i retning Martin Ramsland, men spissen blei hardt pressa og fekk ikkje til ei skikkeleg avslutning.


Enorm Ramsland-sjanse

Andre omgang opna i same stil, der lite skjedde utanom at gode Ulrik Fredriksen var nære ved å setja ballen i eige bur etter eit innlegg frå høgre.


Kampens soleklart største sjanse kom til Sogndal kvarteret før slutt, då Martin Ramsland burde sikra sigeren for heimelaget. Koomson forserte med ballen sentralt i bana, og spelte til spissen på 16-meteren. Han dribla seg fri og kom upressa til skot frå 13 meter, men breisida ballen svakt rett på Odd-keeper Sondre Rossbach. 


God Hove

Dermed enda det mållaust på Fosshaugane, der det største høgdepunktet for heimelaget var den gode startdebuten til Johan Hove (16).


16-åringen såg ut som han hadde spelt eliteseriefotball i mange år, og gjorde ein god figur i duell med Odd-midtbana, som er kjend som mellom dei beste i landet.


Siste saker Gå til framsida