Svindel: Ørjan Hopen (24) vedgjekk laurdag at han har svindla nordmenn med falske Premier League-billettar. - Eg har lengre tid hatt store problem økonomisk, skriv han på Facebook. (Arkivfoto)

Hopen vedgår billettsvindel: - 11-åringen gret utanfor Wembley

Laurdag blei det kjend at den tidlegare Sogndal-spelaren Ørjan Hopen (24) har svindla nordmenn med falske Premier League-billettar.

Publisert 05.03.2017 kl. 09.43. Oppdatert kl. 09.49.

Dette kom fram ei Facebook-gruppe med over 3000 medlemmar, der ein fortvila person fortalde at ho var i Manchester, utan å ha fått billettane til kampen Manchester United - Bournemouth, som ho hadde betalt for.


Hopen blei identifisert som personen som hadde seld billettane, og ut over laurdagskvelden kom mange og fortalde om liknande episodar - der dei hadde betalt store summar til sogndølen for billettar dei aldri fekk. Bergenavisen omtalte saka først.


- Store problem

Laurdag kveld skreiv Hopen sjølv eit innlegg på sida, der han la seg flat for det som har skjedd: - Først og fremst vil eg leggja meg flat på det sterkaste for det som har skjedd. Eg har over lengre tid hatt store problem økonomisk. Dette blir no teke tak i av menneske som ønskjer å hjelpa meg. Me har oppretta ein mail som eg ønskjer at alle som har vore involvert i å ikkje få billettar eller pengane sine skriv inn til. Eg ønskjer å få ordna opp med alle, og apparatet rundt meg vil følgja dette opp 100 prosent. Håpar at me kan få kontakt med alle dette gjeld slik at eg kan få ordna opp, skriv Hopen.


Blanda reaksjonar

Reaksjonane frå folket var blanda etter Hopens innlegg.


- Du skal ha kredd for å leggja deg langflat etter å ha sett folk i kjipe situasjonar. Verkar som om omfanget kan vera stort. Det viser ryggrad å stå for det her i gruppa i staden for å gøyma deg. Lukke til vidare til alle råka, deg også Ørjan, skriv ein brukar.


Hjå andre er tonen mindre positiv:


- Seriøst, tenk deg alle som gler seg til å gå på United-kamp, og så lurer du dei og har ikkje billett. Tenk deg familie og vener som har gleda seg til sin livs oppleving, og så tømmer du dei for pengar. Bra du skammar deg, skriv ein, medan ein anna er mest skuffa:


- 11-åringen min hadde brukt bursdagspengane sine på billett, og gret utanfor Wembley då han ikkje kom inn, skriv han.


Les meir om: Sport Fotball Sogndal

Siste saker Gå til framsida