SCORA: Arild Underdal scora kampens første mål då Fjøra spelte 2-2 mot Os laurdag.

Her kan du sjå Underdal sitt første mål etter comebacket

Arild Underdal (38) er Fjøras Kjetil Wæhler. Han held framleis koken i vaksen alder.

Publisert 13.08.2017 kl. 11.12.

Spissen la fotballskoa på hylla etter 2015-sesongen, der han sikra seg tittelen som tidenes toppscorar i klubben. Men i sommar valde han, i god Wæhler-stil, å gjera comeback då dei raudkledde sleit med både spelar- og poengmangel.


I laurdagens uavgjortkamp mot Os scora Underdal sitt første mål etter at han henta fram att fotballskoa, då han sende fjørene i leiinga allereie etter tre minutt.


Kampen enda til slutt 2-2, etter at Per Eirik Lunde utlikna for Fjøra åtte minutt før slutt.


Måla og høgdepunkta frå kampen kan du sjå i videovindauget under.



 


Les meir om: Sport Fotball Sogndal

Siste saker Gå til framsida