KANONMÅL: Chidiebere Nwakali skaut Sogndal opp i 2-0 med eit draumemål mot Molde. Men kampen enda til slutt 2-2. (Foto: Elin Hæreid)

Her jublar Nwakali for draumemål - men det enda med poengdeling

Det blei 2-2 mellom Sogndal og Molde i ein ellevill fotballkamp på Fosshaugane søndag ettermiddag.

Publisert 01.10.2017 kl. 16.52. Oppdatert kl. 19.52.

12 minutt var spelt då Stanisa Mandic fekk ein draumedebut frå start for sogndølene. Eit frispark blei slått inn i feltet, Even Hovland vann den første duellen og heada ballen på tvers i retning venstre stolpe.


Der stod Mandic totalt umarkert, og heada kontrollert ballen i nettet frå fire meter til 1-0.


Draumemål

Sju minutt seinare var gjestene farleg frampå med eit skot Mathias Dyngeland måtte parera, før Chidiebere Nwakali fekk Fosshaugane til å eksplodera fire minutt etter der igjen.


Nigerianaren lada kanona frå 25 meter, fekk ein perfekt dupp på ballen og dunka i ein vakker boge over ein sjanselaus Andreas Linde til 2-0. Så var det Bendik Bye sin tur til å testa skotfoten, men denne gongen var Linde med på notane og fekk slått til corner.


Reduserte

Molde fekk etter kvart spelt Sogndal stadig lågare, og ti minutt før pause smalt det på corner.


Sogndal makta ikkje å klarera ballen inne i eigen femmeter, og frå kort hald fekk Bjørn Bergmann Sigurdarson ein enkel jobb med å setja inn reduseringa til 2-1. Ole Gunnar Solskjær sine menn heldt fram med å pressa, og var centimeter frå å utlikna fire minutt før pause.


Ein svak klarering frå Even Hovland landa i beina på Sigurdarson, som skaut i stolpen frå 14 meter.


Bye i stolpen

Det elleville sirkuset av ein fotballomgang slutta ikkje å underhalda.


Like etter der igjen blei plutseleg Bye spelt i gjennom, og hadde god tid til å sikta då han fekk føra ballen frå 30 meter og inn åleine med Linde. Spissen skulle berre trilla ballen i mål, men sikta for breidt og sette ballen i lengste stolperot.


Det skulle visa å kosta dyrt. To sekund før omgangen var over laga Ulrik Fredriksen eit klønete frispark på hjørna av eigen 16-meter. Der var den tidlegare Sogndal-spelaren Petter Strand nådelaus, og skrudde vakkert 2-2 i lengste kryss med ei perle av eit skot.


Ny megasjanse

Ti minutt etter kvilen fekk Bye sjansen til å revansjera seg - utan å lukkast.


Nwakali slo ein fin ball over forsvaret, trønderen parkerte Babacar Sarr og kom på ny åleine med Linde, denne gongen litt lenger ute til høgre. Bye forsøkte å setja ballen i lengste hjørna, men avslutningen var upresis og gjekk meteren til side for mål.


Så var sirkus Arnardo og den store sjansefesten over. Den siste halvtimen skjedde det mindre framfor dei to måla, dermed enda det med poengdeling mellom Eirik Bakke og Ole Gunnar Solskjær sine to mannskap.