SISTE FINPUSS: Brann gjennomførte ei lett treningsøkt på Fosshaugane fredag kveld. Her luftar Azar Karadas ei meining i retning fysisk trenar Helge Haugen. Sivert Heltne Nilsen leikar med ballen bak. (Foto: Endre Romøren)

Her gjer Brann dei siste førebuingane til kampen

Køyrde ei lett treningsøkt på Fosshaugane fredag kveld.

Publisert 19.05.2017 kl. 22.05.

Kampen om Vestlandet står på programmet laurdag ettermiddag, når Sogndal og Brann møtes til dyst.


Bergensarane kom til bygda fredag, og rusla ut på Campus-graset nokre timar seinare for ei lett økt framfor morgondagens batalje.


- Kampane mellom Sogndal og Brann på Fosshaugane lever sitt eige liv. Det er årets viktigaste kamp for Sogndal, og eg veit korleis det mobiliserast i bygda og garderoben framfor dette. Dei har to sterke resultat i ryggen, så dette blir ein tøff utfordring, seier Azar Karadas til Sogn Avis.

KAFFI: Brann-trenar Lars Arne Nilsen koste seg med kaffi i sola i forkant av treninga. (Foto: Endre Romøren)

To utan mål

Sogndal banka Brann 4-0 på Brann Stadion i juni 2015, men sidan den gong har laget slite med å få hol på byllen mot storebror. Det blei 0-2 i Bergen i fjor, medan det to siste på Campus har vore sjansefattige og enda mållaust.


- Dei to kampane her oppe var nok ikkje fantastisk for publikum, nei. Det har vore jamne kampar mellom to gode lag, og det er aldri lett å møta Sogndal der. For Brann er det ein av sesongens vanskelegaste bortekampar, men me gler oss, seier Karadas.


 

SA NEI: Berre signaturen mangla for at Peter Orry Larsen blei Sogndal-spelar i vinter. I dag var han på plass på Fosshaugane, i Brann-fargar. (Foto: Endre Romøren)

Blir truleg utseld

Fjorårets kamp mot Brann var utseld eit par dagar før avspark. Det er ikkje tilfelle i år, då arrangementssjef Geir Inge Heggestad hadde att om lag 1000 billettar då han snakka med Sogn Avis fredag ettermiddag.


Men inn mot avspark kjenner han trygg på at det vil vera få billettar att.


- Det er seld 4600 no, og det sig jamt på. Eg er sikker på at me vil vera nær utseld når kampen tek til, seier Heggestad.