SISTE SEKUND: Bendik Bye, Martin Ramsland og Eirik Birkelund kunne sleppa jubelen laus etter at førstnemnde sikra sigeren seks minutt på overtid mot Sandefjord i dagens kamp. (Foto: Håvard Nesbø)

Helten Bye: - Dette målet kjem høgt opp på lista

Bendik Bye scora eitt av sine viktigaste mål i karrieren då han sikra Sogndal tre poeng i dagens høgdramatiske kamp mot Sandefjord.

Publisert 04.06.2017 kl. 20.58. Oppdatert kl. 12.13.

Seks minutt på overtid, sekundar før slutt, fekk innbytaren ballen inne i 16-meteren og klinte til. Den sat som eit prosjektil i nette bak Ingvar Jonsson til 3-2, og Bye og Sogndal kunne jubla for tre viktige poeng.


- Utruleg deilig. Å springa mot fansen der saman med resten av karane, og veta at me får tre poeng mot ein rival nedi der... Utruleg deilig, seier Bye til Sogn Avis etter kampen.


Stor sjanse like før

Ein klønete første omgang frå begge forsvara gjorde at det stod 2-2 til pause, der Sandefjord måtte gå i garderoben med ti mann etter at Christer Reppesgård Hansen blei utvist då han reiv Martin Ramsland i bakken i forkant av straffen som gav 2-2.


Etter kvilen skjedde det lenge lite, men Bye fekk sjansen til å bli helten minuttet før han faktisk blei det. Trønderen heada umarkert frå seks meter, men traff svakt og ballen gjekk over.


- Eg hadde ikkje heilt oversikt, slik at avslutninga blei litt stressa. Difor gjorde det ekstra godt at den sat like etterpå. Ein må berre jakta heile vegen, og det funka bra det, seier Bye.


- Høgt oppe

Sigeren gjer at Sogndal klatra opp til niandeplass på den svært tette eliteserietabellen.


- Utruleg viktig. Dette kan utgjera mykje når me tel opp til slutt, seier Bye.


Som spiss har han scora mange mål i karrieren, men ikkje så mange av typen vinnarmål seks minutt på overtid.


- Det har blitt nokre viktige mål, men det er spesielt når du får det på siste sparket på ballen. Så dette kjem høgt oppe på lista, ja, seier 27-åringen.


 


- Fortener å spela meir

Trenar Eirik Bakke gav Bye mykje tillit i starten av årets sesong, men etter formasjonsendringa til 3-4-3 har det blitt mindre speletid på spissen.


- Eg sa det til laget i garderoben etter kampen, at denne scoringen fortente Bendik. Han fortener å spela meir, men det har blitt mindre på han etter at me la om til éin spiss, seier Bakke til Sogn Avis.


Han omtalar kjensla av å sjå vinnarmålet susa inn i nettet slik:


- Enorm lettelse. Me mista tre poeng mot slutten mot Brann, og så snur me det og får tre her. Me visste det ville bli tøft då dei fekk ein mann utvist, sidan me då måtte vera tolmodige og venta på sjansen. Dette var fantastisk, seier Bakke.


- Slike sigrar kan vera sesongdefinerande?


- Me sjå tilbake på kvar me har vore, og dei utfordringane me har hatt. No er me med likevel - det seier litt om den gjengen der inne. Eg er nøgd med at me er der me er no, og så må me tora å sjå oppover på tabellen framover.


Siste saker Gå til framsida