NUMMER 12: Sigurd Haugen blir gratulert av lagkameratane etter å ha scora sitt 12. seriemål for sesongen mot Kongsvinger søndag. (Foto: Elin Hæreid)

Haugen scora to då Sogndal stoppa tapsrekkja og senka Kongsvinger

Sogndal vann 3-1 på Gjemselund søndag ettermiddag.

Publisert 02.09.2018 kl. 17.17. Oppdatert kl. 19.52.

35 minutt av kampen var spelt då Sigurd Haugen gav Sogndal leiinga ved Glomma sine breidder.


Sixten Jensen slo ein hard, god og presis pasning på tvers inn i bana til spissen, han drog seg forbi to mann, før han sikkert sette ballen i nettet frå 16 meter til sin 12. scoring i årets sesong.


Formasjonsbyte og frisk start

Sogndal gjekk vekk frå sin vande 4-3-3 formasjon i dagens kamp, og opna i staden i 3-4-3. 


Det førte til at dei kom raskt ut av startblokkene, og allereie før to minutt var spelt heldt gjestene på å ta leiinga. Jensen og Tomas Totland kombinerte fint på høgresida, Totland kom seg heilt ned til dødlinja og slo inn, men på blank kasse var det ingen til å setja ballen i mål.


Like etter fekk Haugen sjansen frå god posisjon etter innlegg frå venstre, men avslutninga gjekk utanfor mål.


Nesten for Kongsvinger

Heimelaget viste tidvis nokre fine tendensar ved dei to teknikarane Marlon Da Silva og Niklas Castro, og etter 20 minutt heldt sistnemnde på å gje dei raudkledde leiinga.


Nikita Baranov sleiva ein klarering bakover i feltet, Castro fekk fyra frå 12 meter, men sette ballen rett på Mathias Dyngeland.


Dødball igjen...

Kongsvinger gjekk rett i strupen på Sogndal etter pause, og fekk raskt betalt.


Etter fem minutt fekk dei corner, Martin Lundal møtte kula på første stolpe og stanga den kontant i nærmaste kryss.


Dette var Sogndal sitt sjuande baklengs på dødball på dei tre siste kampane.


Jensens første

Men Kongsvinger var ikkje lenge i paradis.


Ni minutt seinare fekk Sogndal corner, ein liggjande volley frå Eirik Schulze blei blokkert, men på 16-meteren stod Jensen og dunka ballen hardt i nettet på halvspretten til 2-1. Dette var løpsmaksina sin første scoring for Sogndal.


Haugens andre

Ti minutt seinare sette toppscorar Haugen inn sitt andre for dagen.


Ulrik Fredriksen sette på traktor-muskulaturen, smadra ein Kongsvinger-spelar høgt i bana og enda opp med å spela Haugen åleine med keeper.


Angriparen var som vanleg sikkerheiten sjølv, runda Tobias Trautner og trilla 3-1 i ope bur.


Meir skjedde ikkje, dermed stoppa Sogndal tapsrekkja og kom seg attende på vinnarsporet i 1. divisjon.


Siste saker Gå til framsida