KONTRAKTSTILBOD: Even Hovland (28) har fått kontraktstilbod frå Sogndal, og blir etter alt å døma klubbens best betalte spelar viss han takkar ja. (Foto: Morten Sortland)

Har fått tilbod: Håpar på kjapp Hovland-avklaring

Even Hovland (28) har fått kontraktstilbod frå Sogndal.

Publisert 18.06.2017 kl. 21.44. Oppdatert kl. 22.00.

- Me håpar å få ei avklaring ganske fort om det blir eller ikkje. Det er opp til Even, då han er veldig ønskt her i Sogndal, seier trenar Eirik Bakke til Sogn Avis.


Sogn Avis melde allereie for to veker sidan at Hovland opna for ein sjokkretur til gamleklubben. No kan ein overgang bli ein realitet i løpet av ei veke eller to.


- Me har strekt oss så langt me kan, og Even tygger truleg over fleire tilbod no. Me er i dialog med han og agenten hans, seier Bakke.


Sogn Avis er kjend med at Hovland sterkt vurderer å returnera til klubben, og at truleg berre eit profftilbod frå ein klubb på engelsk Championship-nivå vil stå i vegen for at han igjen dreg på seg den kvite drakta med Lerum-logo på brystet.


 


Kontakt i lang tid

Den nemnde agenten er dessutan Jim Solbakken, som Bakke har kjend godt i mange år.


Det minskar heller ikkje sjansen for at det kan bli ein retur, som i følgje Bakke har vore aktuell i lengre tid.


- Det er fleire månader sidan me tok opp denne dialogen, seier han.


Familien viktig

Det er samansette årsaker til at landslagsspelaren Hovland kan returnera til Sogndal allereie som 28-åring.


Spelaren er klubblaus etter at kontrakten med Nurnberg gjekk ut, og er "nøydd" til å finna ein klubb som nærmast garanterer han speletid etter ein sesong med mykje benkesliting i Tyskland. Dessutan spelar det familiære ei stor rolle, då Hovland har to små born. I tillegg kjem sambuaren hans frå Sogndal, og dei kjøpte seg hus i bygda for nokre år sidan som står klart til innflytning.


- Trivselen til familien er ein viktig del av dette. Eg har kjærast og to born, og dei må trivst. Det var ikkje alltid gull og grøne skogar i Tyskland for hennar (kjæresten) sin del, med tanke på språket og slikt. Ho blir med uansett kvar eg reiser, men eg trur ikkje ho er vanskeleg å be om eg seier at me flyttar heim til Sogndal, sa Hovland til Sogn Avis for to veker sidan.


- Alt er på plass, då planen alltid har vore å koma tilbake. Så lyt me finna ut når tidspunktet er rett.


Ekstern hjelp

Ei utfordring for å få overgangen i boks kan vera det økonomiske. Hovland tente fleire millionar i året i Nürnberg, og låg på eit lønsnivå langt over det Sogndal kan tilby. Ingen problem, meiner Bakke.


- Då får me finna noko pengar. Me har seld mykje spelarar den siste tida. Økonomi er ikkje det som står i hovudet på Even, men me vil strekkja oss langt for å matcha det andre lag i Noreg vil gje han, seier Bakke, og hintar om at eksterne investorar kan bli spørt om å bidra.


- Me har folk som bryr seg om klubben, som vil gjera alt for å få Even attende til Sogndal. Det er ein draum for oss.


Siste saker Gå til framsida