BACK PÅ PLASS: Eirik Bakke kan drikka kaffi med godt samvit etter å ha sikra seg høgrebacken Akeem Latifu (28). (Foto: Endre Romøren)

Handlinga er i gang: Sogndal hentar Latifu

Høgrebacken blir vinterens første signering for sogndølene.

Publisert 25.01.2018 kl. 12.00. Oppdatert kl. 12.06.

Etter det Sogn Avis forstår har Sogndal bestemt seg for å signera nigerianske Akeem Latifu (28).


Høgrebacken har gjennomført den medisinske testen og blitt samd med klubben om kontrakt, dermed står det att å få overgangspapira offisielt registrert.


Sogndal må ikkje betala overgangssum for spelaren, ettersom kontrakten hans med den ungarske klubben Budapest Honved gjekk ut i slutten av november i fjor.


Rutine

Latifu spelte treningskampen mot Florø førre laurdag, og trenar Eirik Bakke meiner laget vil få god nytte av rutinen hans.


- Me vil ha meir tryggleik rundt dei mange spennande unggutane våre. Dei spelarane me skal henta inn framover må vera av den typen der me veit kva me får, og som har levert på dette nivået før. Det er difor Latifu er her, sa Bakke til Sogn Avis etter kampen.


Han har mista Taijo Teniste, Eirik Skaasheim og Magnus Pedersen i vinter, difor var høgresida i forsvaret den viktigaste posisjonen å få på plass forsterkningar.


- Latifu har ein god cv, og er ein spennande og svolten spelar som vil tilføra oss mykje, sa Bakke for fem dagar sidan.


Mange land

Latifu spelte sist for nemnde Budapest Honved, men er ikkje ukjend med norsk fotball. Han blei henta til landet av Strømsgodset i 2010, men gjekk fort vidare til Hødd der han blei cupmeistar med Victor Grodås i 2012.


Deretter var han to sesongar i Aalesund, medan det har blitt eit meir nomadeaktig tilvere dei to siste åra. Latifu reiste først til ukrainske Stal Kamianske, han var ein kort tur innom tyrkiske Alanyaspor, så blei det elleve kampar for Zira i Aserbajdsjan, før han enda opp i Ungarn.


No står Sogndal for tur.


Rindarøy nær - Bye ut?

Også på venstresida kjem det snart ein ny signering, i form av Ole Martin Rindarøy.


Etter det Sogn Avis forstår manglar berre detaljar før fjorårets lånespelar signerer ein permanent avtale med klubben.


På same tid kan nok ein mann forsvinna ut, då Tidens Krav melder at Kristiansund er interessert i å henta Bendik Bye. Det har førebels ikkje kome eit offisielt bod på spissen.


Siste saker Gå til framsida