FULL KONTROLL: Sogndal hadde få problem med å senka Gloppen 2 heime i Sogndal Idrettshall laurdag. Kampen enda til slutt med siger 38-22. (Foto: Endre Romøren)

Handballdamene gjorde jobben - herrane måtte gje tapt

Damelaget til Sogndal tok sesongens fjerde siger i 4. divisjon då Gloppen 2 blei slått laurdag.

Publisert 05.11.2017 kl. 10.00. Oppdatert kl. 10.27.

Kampen enda til slutt 38-22 i favør heimelaget, etter at stillinga til pause var 20-8.


- Det var ein god kamp, der me byrja veldig bra. Etter kvart gjekk me litt vekk frå det kollektive som gjorde at me spelte veldig bra, men jentene er såpass gode at det er mykje som fungerer når dei prøver seg ein og ein óg, seier trenar Ole Kristian Gjerstad.


Camilla Irgens blei toppscorar for sogndølene med åtte mål, medan trioen Marlene Messel Hegre, Madelen Haugmo og Martine Westli Tell alle noterte seg for seks nettkjenningar kvar.


Tapte for serieleiaren

På nivået over fekk klubbens herrelag det tøffare i møtet med serieleiar Åsane.


Gjestene køyrde på frå start og skaffa seg ei tidleg luke, og vann til slutt med komfortable 29-20.


- Me sleit med å finna rytmen i spelet vårt, slik at det blei for mykje éin og éin. Og dei gongene me kom til sjansar hadde me for dårleg fokus i skotavviklinga. Me hadde nokre bølgevis gode periodar, men så ramla med nedpå att. Det var ingen god kamp frå vår side, og me veit at me kan betre enn me viste denne gongen, seier Gjerstad, som er assistenttrenar og venstrekant på herrelaget.


16-åringane vann

Det blei likevel ein god dag totalt sett for Sogndal Handball, då klubbens 16-årslag gjekk sigrande ut av laurdagens første kamp i Sogndal Idrettshall, etter å ha slått Høyang 24-21.


- Jentene byrjar å få til tinga me jobbar med på trening. Dei er blitt meir samspelte og har fått meir trøkk i det dei gjer, og då kjem resultata etter kvart óg. Det er kjekt å sjå, seier Gjerstad.


Les meir om: Sport Handball Sogndal

Siste saker Gå til framsida