STORT ANSVAR: Tore André Flo har fått ansvaret for å følgja opp dei mange lånespelarane til Chelsea. (Foto: Endre Romøren)

Flo får ny prestisjejobb i Chelsea

Tore André Flo rykkjer opp i gradene hjå den engelske storklubben.

Publisert 24.10.2017 kl. 09.17. Oppdatert kl. 09.19.

Etter nokre år som trenar for klubbens akademilag får han no ei rolle tettare opp mot a-laget, skriv Dagbladet. 


Flos nye jobb er å følgja opp dei 34 spelarane Chelsea har på utlån til ei rekkje klubbar i England og elles i Europa.


- Det er kjempespennande. Chelsea har eit veldig suksessfullt akademi, men vegen er framleis lang opp til førstelaget. Difor er det viktig å lukkast med utlåna. Det er her eg skal gjera ein jobb, seier han til avisa.


- Viktig oppfølging

Blant spelarane han skal halda eit tett auge med er Tammy Abraham (Swansea), Ruben Loftus-Cheek (Crystal Palace) og Kurt Zouma (Stoke).


- Mi oppgåve er å sjå utlånsspelarane live frå stadion, eventuelt sjå klipp frå dei eg ikkje får sett live. I tillegg snakkar eg mykje med managerane og gjev innspel til kva spelarane kan utvikla og forbetra. Det er viktig oppfølging for at flest mogleg kan ta steget opp på Chelsea sitt a-lag, seier Flo til Dagbladet.


Han fortel vidare at planen på sikt er å bli hovudtrenar sjølv.


Siste saker Gå til framsida