VIK SPESIAL: Stig Roar Hovland og Robert Hovland gjestar Endre Romøren og Morten Sortland i den nyaste episoden av Radl om badl.

Fann lagkamerat naken på kebabsjappe og hamna i klinsj med Tveitagjengen

Brørne Stig Roar Hovland og Robert Hovland er gjester i den sjette episoden av podkasten Radl om badl.

Publisert 23.06.2017 kl. 10.53. Oppdatert kl. 08.19.

Det blir mykje krut når duoen frå Vik opnar opp om sine over tiår i lokalfotballen i den nyaste episoden av vår fotballpodkast.


Hovland og Hovland fortel om sitt heilt ekstreme vinnarinstinkt - både når det gjeld fotball og brettspel, me får høyra om overtru og ritual i forkant av kampar, og ikkje minst blir historia om då ein tidlegare lagkamerat blei funnen naken på ei kebabsjappe i København fortald.


Det blir også snakka om den gongen Stig Roar hamna i klinsj med Tveitagjengen under utdrikkingslaget til Robert, og me har testa kven som er sterkast av dei to brørne, i det som må vera tidenes første podkast-handbak.


Podkasten kan lastast ned og høyrast i Itunes og i SoundCloud:


 


Les meir om: Sport Video Fotball Vik

Siste saker Gå til framsida