ER MED: Stine Pettersen reinås frå Sogndal, som spelar for Stabæk, er med i landslagstroppen til kampen mot Canada i Spania. (Foto: Arkiv)

Er med i troppen som møter Canada

Stine Pettersen Reinås frå Sogndal er med i troppen til landslagssjef Martin Sjögren som skal møta Canada 28. november.

Publisert 10.11.2017 kl. 19.00.

Fredag 24. november samlast fotballjentene på Malaga til årets siste samling. Der ventar kamp mot Canada tirsdag 28. november. Canada spelte 1-1 mot USA i går.

- Eg ser fram til å møta Canada. Dei held eit høgt internasjonalt nivå, og for oss er det viktig å utnytta dei sjansen me har til å få møtt god motstand. Samlinga gir meg moglegheit til å testa ut nokre nye andlet på dette nivået, seier landslagssjef Martin Sjögren.
- Denne samlinga gir oss også moglegheit til å revansjera oss for det sure tapet mot Nederland. Me er en gjeng som er sugen på å ta nye steg, slik at me er godt rusta til viktige kvalifiseringskampar i 2018, seier Sjögren.


Elise til Australia

Elise Thorsnes frå Leikanger er ikkje utteken i troppen. Ho har levert solid innsats dei siste landskampane. Ho reiser no til til Australia for å prøva profflivet og er ikkje med i troppen mot Canada.


Her er troppen

Cecilie Fiskerstrand - LSK Kvinner
Oda Bogstad - Klepp
Ingrid Moe Wold - LSK Kvinner
Andrine Tomter - Twente
Stine Pettersen Reinås - Stabæk
June Renate Pedersen - Piteå
Ina Gausdal - Kolbotn
Maria Thorisdottir - Chelsea
Maren Mjelde - Chelsea
Ingvild Isaksen - Juventus
Ingrid Schjelderup - Eskilstuna
Lisa Naalsund - Arna-Bjørnar
Frida Maanum - Linköping
Emilie Haavi - LSK Kvinner
Caroline Graham Hansen - Wolfsburg
Kristine Minde - Linköping
Synne Jensen - Stabæk
Lisa-Marie Karlseng Utland - Røa


Les meir om: Sport Fotball

Siste saker Gå til framsida