MANGE: Sogndal Fotball ventar opp mot 5000 tilskodarar til dagens kvalifiseringskamp mot Ranheim på Fosshaugane. (Foto: Håvard Nesbø)

Enorm effekt av konkurransen: Ventar 5000 på Fosshaugane

- Det er heilt vanvittig, seier arrangementssjef Geir Inge Heggestad om publikumsinteressa framfor kveldens kvalifiseringskamp mot Ranheim.

Publisert 29.11.2017 kl. 12.30.

Sogndal Fotball og deira sponsorar gjekk tysdag ut og lovde 50 000 kroner i premie til den skuleklassen eller organisasjonen som lagar mest liv på dagens kamp.


Det har gitt ein enorm effekt: I skrivande stund er det seld 4100 billettar, og Heggestad trur dette talet vil nærma seg 5000 innan avspark.


- Det kjem ungar frå skular i mellom anna Sogndal, Kaupanger, Luster, Balestrand og Sandane. Vidaregåande skular har meld seg på, det same har Folkehøgskulen, Studentspretten og diverse smågrupperingar. Eg har site og printa billettar omtrent sidan Vålerenga-kampen var ferdig, seier Heggestad.


Stor skilnad

Skilnaden på tilskodartalet med og utan konkurransen ville vore stor, i følgje Heggestad.


- Utan dette trur eg me skulle slite med å kome opp i 3000, så effekten av dette har vore stor. At det blir så mange på kamp på ein onsdag seint i november er fantastisk. Folk veit kva dette betyr, og eg trur mange er opptekne av å ta ansvar ved å møta på laget for å støtta laget, seier han.


Arrangementssjefen er ikkje i tvil om kva verdi eit nær fullsatt Campus kan ha i møtet med dei blåkledde frå Ranheim.


- Me såg mot Vålerenga kva dette betyr for spelarane. Vonleg blir det eit helsikes spetakkel på tribunen, slik at me får med oss eit godt resultat til returkampen i Trondheim på laurdag, seier Heggestad.


Siste saker Gå til framsida