VANN I FJOR: Johan Bugge var raskast til topps i fjorårets utgåve, då han nådde toppen på tida 59.21. (Arkivfoto)

Donerer pengar per deltakar til Aktiv mot Kreft

Motbakkeløpet Fanaråken Opp blir arrangert for 16. gong komande laurdag.

Publisert 10.08.2018 kl. 15.02.

Løpet har start ved Turtagrø Hotel 868 meter over havet, med målgang på toppen av fjellet Fanaråken 1200 høgdemeter lenger oppe. Lengda er 8,4 kilometer, og konkurransen markerer på same tid avslutninga av Lustratrippelen.


Arrangementet opplyser elles på sine nettsider at dei har eit samarbeid med Aktiv mot Kreft, og at dei donerer 25 kroner per deltakarar til organisasjonen.


Les meir om: Sport Luster

Siste saker Gå til framsida