BORTEKAMP: Joachim Soltvedt i aksjon i dagens bortemøte med Mjøndalen på Isachsen Stadion. (Foto: Rune Sjøberg)

Det enda mållaust mellom Sogndal og Mjøndalen

0-0.

Publisert 14.04.2018 kl. 14.35. Oppdatert kl. 17.21.

Berre sju minutt var spelt då Ulrik Fredriksen fekk ein svær sjanse til å skyta Sogndal i føringa. Heimekeeper Lukas Jonsson slo eit utspel rett til Stanisa Mandic på 30 meter, som løfta ballen direkte i retning Fredriksen.


Han fekk skyta frå ti meter, men trefte dårleg på forsøket og sette ballen ein meter til side for mål.


Fire minutt seinare kunne Ylldren Ibrahimaj ordna 1-0 for Mjøndalen etter fint spel på høgresida, men han sette ballen rett på Mathias Dyngeland frå litt skrått hald ute til høgre.


Tre forsøk

Sogndal hadde initiativet i første halvdel av første omgang, der ein kreativ og skapande Eirik Schulze stod bak det meste av det laget produserte framover på bana.


Fleire reine sjansar blei det ikkje, men Joachim Soltvedt fekk prøva seg på frispark frå omtrent same posisjon tre gonger, utan å lukkast. Først skaut han over, deretter i muren, før forsøk nummer tre blei slått som innlegg og deretter blåst av for frispark.


Bergensaren hadde i tillegg eit brukbart forsøk på halv volley etter eit presist utspel frå Mathias Dyngeland, men skotet gjekk halvmeteren over mål.


 


Stor Mandic-sjanse

Etter pause skjedde det lite i solsteiken. Etter 55 minutt slo Schulze eit godt, flatt innlegg framfor mål, men ingen var rett plass til å setja kula i mål.


Kort tid etter der kunne Mjøndalen fort fått straffespark etter at Reiss Greenidge felte ein heimespelar på 14 meter, men domar Sigurd Kringstad lot spelet gå vidare.


Halvveges ut i omgangen fekk Sixten Jensen eit skummelt skot frå 15 meter blokkert, og sju minutt før slutt kom Sogndals største sjanse: Keeper Jonsson bomma på eit innlegg, og bakre stolpe hadde Stanisa Mandic plutseleg ope mål. Men han fekk ballen kjapt på seg, og sette den utanfor.


På overtid kunne Mjøndalen teke alle tre poenga, då Jibril Bojang plutseleg kom åleine på 16 meter. Han fyrte av, men sette kula rett på Dyngeland.


Dermed står Sogndal med tre uavgjort, tre poeng og éin scoring så langt i årets sesong i 1. divisjon.


Laga starta slik:


Sogndal (4-3-3): Mathias Dyngeland - Akeem Latifu, Per-Magnus Steiring, Reiss Greenidge, Tomas Totland - Eirik Schulze, Johan Hove, Sixten Jensen - Stanisa Mandic, Ulrik Fredriksen, Joachim Soltvedt


Mjøndalen (4-3-3): Lukas Jonsson - Quint Jansen, Vetle Dragsnes, William Sell, Sondre Johansen - Ylldren Ibrahimaj, Christian Gauseth, Jonathan Lindseth - Vamouti Diomande, Mahmoud Eid, Mads Hansen


Siste saker Gå til framsida