VINNARANE: 7. klassingane ved Kvåle skule skapte mest liv på Fosshaugane i onsdagens kamp mellom Sogndal og Ranheim, og sikra seg dermed 50 000 kroner. Dei skal brukast på klassetur til Polen. (Foto: Håvard Nesbø)

Denne gjengen vann 50 000 - brukar pengane på Polen-tur

7. klasse ved Kvåle skule vann prisen som beste supportergruppering under gårsdagens kamp mellom Sogndal og Ranheim.

Publisert 30.11.2017 kl. 12.30.

Sogndal Fotball gjekk ut med gulrota i forkant av kampen, der den skuleklassen eller organisasjonen som laga mest liv ville få 50 000 kroner.


Mange kjempa om prisen og laga eit realt lurveleven på tribunen, der 7. klassingane ved Kvåle skule til slutt stod att som vinnarar.


- Godt førebudd

- Først vil eg sei at me gjerne skulle delt ut fleire premiar, då det var mange som gjorde ein god jobb. Spesielt Firda Vidaregåande skule, Sygna, Folkehøgskulen og Kaupanger skule skapte liv, saman med vinnarane. Det var mykje bra, seier Luster-ordførar Ivar Kvalen, som sat i juryen saman med kollegaene Jarle Aarvoll (Sogndal), Jon Håkon Odd (Leikanger) og Jan Geir Solheim (Lærdal).


Til pause stod det mellom tre kandidatar, og til slutt landa dei på Kvåle.


- Dei var mange, og var godt førebudd med plakatar, banner, songar og heiarop. Dei laga mykje lyd, også i pausen, og stod på heile vegen. At dei er unge spelte óg ei lita rolle. Totalen av dette vippa sigeren dei ekstra gramma i deira favør, seier Kvalen.


Polen-tur

Sogn Avis får opplyst at pengane skal brukast på klassetur til Polen for dei ivrige elevane, som dermed fekk god valuta for innsatsen dei la ned i kulden på Campus.


Det gjorde også Sogndal Fotball, som klokka inn det sterke publikumstalet 4531 på ein kveld der gradestokken kraup ned mot ti minusgrader.


- Dette slo godt an, og det kunne fort blitt ein tusken kamp utan dette opplegget. Den blei løfta av det, og at så mange stilte opp var kjekt å sjå, seier Svein Olav Haugen i Sogndal Fotball.


Kvalen trur det går

Laurdag skal det heile avgjerast i returoppgjeret i Trondheim. Kvalen trur det går vegen.


- Ja, dei klarar dette. Det er viktig for Sogn og Fjordane og heile regionen at me har eit lag i eliteserien, seier han.


Siste saker Gå til framsida