EM NESTE: Thea Bjelde blei som venta teken ut i den norske landslagstroppen til J19-EM i Sveits i juli.

Bjelde teken ut til EM

Tre spelarar frå Sogn og Fjordane skal representera Noreg i J19-EM i juli.

Publisert 28.06.2018 kl. 11.34.

Thea Bjelde frå Sogndal er éi av desse, og ho skal til meisterskapen i Sveits saman med lagvenninna Elise Isolde Stenevik og Kaupanger-keeper Linn-Mari Nilsen.


- Eg tykkjer me har ein spennande tropp som er godt balansert i dei ulike posisjonane, og med ulike spelartypar som utfyller kvarandre godt både på og utanfor fotballbana. Det siste er viktig i eit meisterskap der me skal henta ut det maksimale i kvar spelar i ein tøff konkurransesituasjon. Me har også spelarar med ulike spissferdigheitar, som kan me kan bruka til å forsterka eller endra eit kampbilete. Det er viktig i jamne kampar, seier landslagstrenar Nils Lexerød til fotball.no.


Noreg opnar mot Spania 18. juli, tre dagar seinare står Frankrike for tur, medan vertsnasjonen Sveits ventar 24. juli.


Siste saker Gå til framsida