AUDMJUKA: Jonas Hestetun scora det første målet då Åsane audmjuka Sogndal med å vinna 4-1 på Fosshaugane onsdag ettermiddag. (Foto: Morten Sortland)

Sogndal fekk bank på heimebane mot Åsane

Sogndal måtte rusla slukøra av bana etter å ha tapt 1-4 på heimebane mot Åsane.

Publisert 16.05.2018 kl. 17.38. Oppdatert kl. 20.27.

Berre fire minutt var spelt på Fosshaugane då det small frå gjestene. Sogndal klarte ikkje å klarera ein corner, ballen blei liggjande på fem meter, der årdølen Jonas Hestetun var på rett plass og banka inn 0-1.


Sjokkstarten var eit faktum, og det var absolutt ikkje det heimelaget trengde etter den svake bortekampen mot Ullensaker/Kisa for tre dagar sidan. 


Mandic utlikna

Dei neste 20 minuttane skjedde det null og niks i solskinet på Campus, før utlikninga kom ut av det blå i kampens 27. minutt.


Stanisa Mandic utnytta slurv sentralt i bana frå gjestene si side, sprang seg fri frå 40 meter og inn, og breisida deretter ballen kontrollert i nettet åleine med keeper.


Like etter prøvde Ulrik Fredriksen seg med eit godt skot frå 17 meter, som snitta den høgre stolperota til Åsane-keeper Borger Thomas.


Ny smell

Deretter skjedde det igjen ingenting, i ein kamp som var prega av høg feilprosent frå begge lag.


Men tre minutt før pause fann gjestene nettmaskene på ny. Dei oransje spelte seg laus inne i boksen på venstresida, ei blanding av eit innlegg og eit skot hamna på bakre stolpe, der Dennis Antwi enkelt kunne pirka 1-2 over streken.


Meir skjedde ikkje, dermed gjekk hordalendingane til pause med leiing.


Stor Schulze-sjanse

I pausen la Sogndal om til ein frekk 3-4-3 formasjon med fyrtårnet Reiss Greenidge som midtspiss, og seks minutt inn i omgangen fekk Eirik Schulze sjansen til å redusera.


Innbytar Lars Christian Kjemhus serverte midtbanekollegaen på 12 meter, men Schulze klarte ikkje å få reint treff på heil volley, og sleiva ballen til side for mål.


I det 65. minutt kom eit nytt formasjonsbyte då Ulrik Flo kom på bana, denne gongen gjekk heimelaget for ein tilnærma 4-2-4 i jakta på utlikning. Dermed hadde dei kvitkledde vore innom både 4-3-3, 3-4-3 og 4-2-4 i løpet av den første druge timen av kampen.


Huseklepp-kanon

Tru det eller ei, men formasjonsendringa gav ikkje resultat denne gongen heller, og i kampens 71. minutt auka Åsane i staden til 1-3.


Ballen landa hjå Erik Huseklepp bak i feltet etter ein corner, og på halv volley fyrte veteranen av garde eit prosjektil som suste inn ved den nærmaste stolpen til Mathias Dyngeland.


I denne fasen forsvann russen frå Fosshaugane, og åtte minutt seinare sat den i nota på ny. Antwi herja med heimeforsvaret inne i 16-meteren, drog seg fri frå Per-Magnus Steiring og banka inn 1-4.