Sogndal vann i føremiddag 2-1 over Las Palmas II i treningskampen som vart spelt på Estadio Municipal de maspalomas i Gran Canaria, der Sogndal er på treningsleir om dagen. (Arkivfoto)

Bakke fekk sjå nysigneringa varta opp med målgjevande

Sigurd Hauso Haugen (20) fekk vist seg fram i treningskampen mot Las Palmas II.

Publisert 07.02.2018 kl. 16.23.

Sogndal vann i føremiddag 2-1 over Las Palmas II i treningskampen som vart spelt på Estadio Municipal de maspalomas i Gran Canaria, der Sogndal er på treningsleir om dagen.


Onsdagens motstandandar spelar til dagleg i spansk Segunda B división. 


Til pause leia Sogndal 1-0 etter scoring av Markus Brændsrød. Debutant Sigurd Hauso Haugen, som vart klar for Sogndal laurdag, var nest sist på ballen.


Heimelaget utlikna i 2. omgang, før Ulrik Fredriksen auka til 2-1, som vart sluttresultatet. Fredriksen scora på ein retur etter eit godt frispark av Joachim Soltvedt, skriv Sogndal Fotball på sine Facebook-sider.


Sogndal testa også ut målvakta Kjetil Haug i denne kampen. Keeperen er på treningsopphald med Sogndal og fekk stå heile 2. omgang.


Slik spelte Sogndal:


1. omgang: 


Mathias Lønne Dyngeland (C) - Akeem Latifu, Ulrik Fredriksen, Per Magnus Steiring, Ole Martin Rindarøy - Stanisa Mandic, Eirik Schulze, Didé Fofana, Eirik Birkelund - Sigurd Haugen, Markus Brændsrød.


2. omgang:


Kjetil Haug (treningsopphald) - Tomas Totland,Even Hovland (C), Per Magnus Steiring, Reiss Greenidge - Eivind Helgesen (SIL2) ,Johan Hove, Ulrik Fredriksen, Joachim Soltvedt - Ulrik Flo (treningsopphald), Sixten Jensen (SIL2)


Siste saker Gå til framsida