AUGENE PÅ BALLEN: Jerome Akor Adams putta to då Sogndal 2 vann ein viktig siger på bortebane mot Øystese. (Foto: Morten Sortland)

Adams scora to og Rutlin berga to straffespark

Det var éin helt i kvar sin ende av bana då Sogndal 2 tok ein svært viktig siger på bortebane mot Øystese i 3. divisjon.

Publisert 08.09.2018 kl. 19.42.

Jerome Akor Adams sette to ballar i nettet, men minst like viktig var det som skjedde i den andre enden av bana:


Keeper Kristian Rutlin berga nemleg to straffespark, noko som ikkje akkurat er daglegdags i fotballen - uansett nivå.


Nikolai Aas scora det tredje målet for sogndølene. Sigeren gjer at andrelaget har skaffa seg ei luke på fem poeng ned til nettopp Øystese på feil side av nedrykksstreken.