FERDIG I SOGNDAL: Bendik Bye er klar for Kristiansund BK. Her frå kampen mot Molde i fjor. (Foto: Rune Sjøberg)

Målvakt og spiss forlèt Sogndal

Bendik Bye (27) har skrive under på ein toårskontrakt med Kristiansund, medan Tarjei Omenås (25) er klar for Aalesund.

Publisert 01.02.2018 kl. 14.45. Oppdatert kl. 18.08.

- Eg ønskjer sjølvsagt å spela på eit så høgt nivå som mogleg, så det var ingen tvil for meg då KBK kom på bana. No er målet å spela seg inn på laget, og byggja vidare på den gode utviklinga klubben har hatt dei siste åra, seier Bendik Bye til KBK si heimeside.


Også reservekeeper Omenås skiftar beite. Torsdag vart han klar divisjonskollega Aalesund.


- Det er litt spesielt etter ti år på reisefot. Men når moglegheita med AaFK opna seg, så var eg ikkje i tvil om kva eg ønska. Ambisjonen min er å konkurrere med Andreas Lie sjølvsagt. Eg føler eg har vore på benken nok i 2017-sesongen, så i 2018 håpar eg å utfordre om speletid, seier Omenås til AaFK sine nettsider.


Dermed slår duoen følgje med Tajio Teniste (Brann), Gilbert Koomson (Brann), Bjørn Inge Utvik (Sarpsborg 08), Christophe Psyché (Banik Ostrava) og Magnus Pedersen (frigitt) ut portane på Fosshaugane Campus.


I tillegg er låneopphaldet til Chidibere Nwakali avslutta, medan Kjetil Wæhler og Eirik Skaasheim har lagt fotballskoa på hylla.


Har henta Rindarøy

Onsdag vart det klart at Sogndal hentar Ole Martin Rindarøy frå Molde. Venstrebacken var på utlån til Sogndal siste del av 2017-sesongen, og har trent med klubben sidan sesongoppkøyringa starta i midten av januar.


Sogndal er for tida på treningsleir på Gran Canaria, der dei skal vera i to veker. Rindarøy er ein av spelarane som var med på flyet sørover.


Siste saker Gå til framsida