BETRE: Sogndal-trenar Eirik Bakke meiner laget hans har gjort ein sterkare prestasjon i vår enn det Kåre Ingebrigtsen og Rosenborg har gjort. (Foto: Rune Sjøberg)

- Ein større prestasjon enn at Rosenborg leiar serien

Eirik Bakke meiner Sogndal har kome godt ut av første del av sesongen, trass i at dagens heimemøte med Rosenborg enda med eit seigt 0-3 tap.

Publisert 15.07.2017 kl. 18.35. Oppdatert kl. 20.58.

Nederlaget gjer at sogndølene tek sommarpause med 20 poeng.


Det tykkjer Bakke er ein grei fangst, med tanke på utfordringane laget har møtt i vår med langtidsskadar på sentrale spelarar som Bjørn Inge Utvik, Christophe Psyché og Ole Amund Sveen - og påfølgjande signeringar av fotballpensjonistane Kjetil Wæhler og Espen Næss Lund.


- At me ligg der me gjer no med 20 poeng er ein større prestasjon enn at Rosenborg leiar serien. Me har fire-fem poeng meir enn eg trudde me ville ha på dette tidspunktet. Det er ein enorm prestasjon av denne gjengen. Eg er stolt av dei, seier Bakke til Sogn Avis.


Skal handla

Sogndal stod med fire fattige poeng etter seks serierundar. Så blei det uavgjort mot Haugesund, også blei Wæhler og Næss Lund signert. Då snudde det.


- Eg trur me skal halda fram med å henta spelarar utanfor vindauget, lærarar (Næss Lund), personlege trenarar (Wæhler), og alt som er. Det har fungert, ler Bakke.


Men slik stoda er no blir ikkje dei to midtstopparane med vidare. Dermed må det handlast i sommar.


- Me må ha inn gode, rutinerte spelarar som kan konkurrera med dei me har. Det blir veldig viktig at me hentar inn referansespelarar. Viss ikkje Kjetil blir med vidare er det prekært å få inn nokon der. Me må forsterka oss, seier Bakke til Sogn Avis.


Effekten held fram

Wæhler-erstattar Næss Lund leverte bra på stopparplass i dagens 0-3 tap, men statisikken utan 41-åringen held likevel fram:


Sogndal tapar ikkje kampar med Wæhler på bana, medan dei får det langt tyngre utan.


- Eg er sikker på at hadde me hatt fullt lag i dag så ville dette gått betre. Det er ingenting mot Espen eller dei andre, men Kjetil er uvurderleg for oss. Med han på laget gjev det oss ein ekstra tru, seier Bakke.


Ineffektivitet mot effektivitet

Bakke meiner skilnaden på laga i dag var effektiviteten. Milan Jevtovic og Fredrik Midtsjø var kliniske då dei fekk sjansen framfor kassa, medan Eirik Birkelund og Lars Christian Kjemhus ikkje lukkast frå liknande posisjonar på stillinga 0-2.


- Den store skilnaden er at dei har spelarar som tek vare på sjansane sine, medan me ikkje er der enno. Med eit reduseringsmål ville me fått trøkk på dei, men då me ikkje fekk det blei det vanskeleg, seier Bakke, som ikkje tek tapet så altfor tungt.


- Me trua dei ikkje nok, men gav ikkje opp og heldt fram å skapa ting sjølv om det blei mentalt tungt då me kom under med to. Men at dei slår oss skulle berre mangla óg - med den økonomien, millionlønningar og gode spelarar på benken. Det seier seg sjølv at det skal vera ein skilnad på oss.


Siste saker Gå til framsida