TAKKA PUBLIKUM: Eirik Bakke var tidvis frustrert under kampen, men lot seg imponera over støtta og lydnivået frå publikum på Fosshaugane. (Foto: Håvard Nesbø)

- Eg har aldri opplevd slik stemning på Fosshaugane

Eirik Bakke hylla publikum etter sigeren over Ranheim, men var ikkje nøgd med dømminga.

Publisert 29.11.2017 kl. 21.44. Oppdatert kl. 10.24.

Han såg laget sitt slå Ranheim 1-0, i ein kamp der prestasjonen frå publikum var betre enn det som blei vist på bana.


50 000-konkurransen om å skapa best stemning sat som eit skot, der det var elektrisk på tribuna frå start til slutt.


- Publikum var heilt fantastisk. Eg har aldri opplevd slik stemning på Fosshaugane før, og det var liv og røre heile vegen. Dette var med på å løfta spelarane på ein dag der ikkje alt fungerte. Det skal me vera glade for, seier Bakke til Sogn Avis.


- Snytt for straffe

Scoringa til Ole Martin Rindarøy etter 53 minutt sikra sogndølene eit bra utgangspunkt framfor returoppgjeret i Trondheim, men Bakke meiner differansen burde vore det dobbelte:


Etter 68 minutt gjekk Martin Ramsland i bakken inne i 16-meteren, men fekk ikkje straffespark frå dommar Tom Harald Hagen.


- Eg har sett det på nytt, og meiner det er ein klar straffe. Martin kjem seg framfor, og blir riven ned. Men det er ikkje første gongen me ikkje får straffe av den dommaren der. Det same skjedde her mot Haugesund med same mann. Men me fekk ikkje, så då hjelper det ikkje å stå her og syta, seier Bakke.


Frustrert

Han var periodevis svært engasjert og frustrert på sidelinja undervegs i oppgjeret, då Sogndal sleit med å finna rytme og samhandling i spelet sitt.


- Eg følte at eg måtte prøva å vera på, for å få opp trøkket og energien ute på bana. Det var litt daudt, og me var ikkje der me ønskte å vera på ein del ting. Det må me jobba med inn mot helga, seier Bakke, og trekkjer fram lagets dødballar som eit konkret døme.


- Der var me ikkje farlege nok. Det var for lett å ta oss ut. Med vår fysikk må me opp på det området. Me må løfta ein del ting til neste kamp, og dei individuelle prestasjonane må bli betre.


Han er likevel nøgd med at laget hans klarte å ro i hamn ein viktig siger, utan å få bortemål mot seg.


- Me visste det ville bli ein tøff kamp etter det som skjedde på søndag. Så slik kampen utvikla seg er eg nøgd med 1-0. Spelarane kjempa på, og me var solide defensivt. I tillegg tykkjer eg Martin gjekk framfor der framme, seier Bakke.


- Er i førarsetet

Og han er ganske tilfreds med utgangspunktet Sogndal har sikra seg framfor kampen på Extra Arena om tre dagar.


- Me er i førarsetet. No handlar det om å nullstilla, og koma opp på eit godt nivå der oppe. Det blir ikkje delt ut stilkarakterar, og me må kjempa til siste slutt, seier Bakke.


Siste saker Gå til framsida