Vurderer Gudvangen som innspelingsstad

Publisert 08.02.2018 kl. 18.12.

Vikingbyen i Gudvangen kan bli arena for innspeling av ein ny sesong av Vikingane, skriv NRK.


Det er enno ikkje gitt klarsignal for den tredje sesongen av Vikingane, men viss det kjem er det aktuelt å starta innspelingane i august/september.


- Me skal opp og ta ein kikk i løpet av nokre veker. Det kan godt vera at det er billegare i utlandet. Men eg synest det er viktig å støtta lokalt næringsliv. Me må støtta opp om dei faktisk satsar, seier produsent Anders Tangen i Viafilm til NRK.


 


 


Les meir om: Nyhende Aurland Notis

Siste saker Gå til framsida