Vogntog sperra rv. 13

Publisert 14.12.2017 kl. 12.45. Oppdatert kl. 12.48.

Eit vogntog sperra vegen i begge retningar i Holesvingane på hordalandssida av Vikafjellet, meldte Statens vegvesen kl 12.40.


Riksveg 13 vart difor stengd.


Politiet er informert, opplyser vegvesenet. Politiet meldte at dei rykte ut.


Klokka 15.08 torsdag melder Vegvesenet at vegen ved Holasvingane no er opna att.


Les meir om: Nyhende Notis Vik Trafikk

Siste saker Gå til framsida