(Illustrasjonsfoto)

Vogntog måtte setja att lasta

Publisert 28.10.2017 kl. 17.18.

Etter ein kontroll på Håbakken laurdag har Statens vegvesen meldt eit rumensk firma for å køyra ulovleg kabotasje. Firmaet hadde ikkje gyldig fellesskapsløyve.


Vogntoget måtte også lasta av på staden, og må køyra tomt ut av landet.


I kontrollen vart det også slått ned på brot på køyre- og kviletidsføresegnene. Ein norsk førar blir meldt for dette.


Eit norsk speditørfirma blir meldt for manglande dokumentasjon utlevert til transportør av farleg godslast.


I kontrollen vart det gitt fire bruksforbod, og det fordelte seg på kontroll av farleg gods, sikthindring i frontruta og manglande løyve for å driva transport av gods.


 


Les meir om: Nyhende Lærdal Trafikk

Siste saker Gå til framsida