Vogntog køyrde med laust hjul

Publisert 20.03.2017 kl. 15.04.

Under ein kontroll på Håbakken søndag avdekka vegvesenet at den eine felgen på ein fullasta semitralier hadde losna, og at det mangla hjulboltar og hjulmutrar. Hjulet var heilt laust. Vogntoget fekk køyreforbod på staden, opplyser Statens vegvesen.


Under kontrollen var ein førar av eit utanlandsk vogntog meld til politiet for ikkje å ha gyldig førarrett i Noreg. Føraren fekk i desember 2016 inndrege førarretten for seks månader, etter forhold som han då vart meld for og som han fekk førelegg for. Føraren vart også meld på nytt for brot på reglande for køyre- og kviletid.


Les meir om: Nyhende Lærdal Notis