Viser kamp mot oppdrettslaks

Publisert 05.03.2018 kl. 21.16.

I NRK-serien «Den fantastiske villaksen» blir det mellom anna satt fokus på truslane mot den norske villaksstamma.


I episoden som blir vist tysdag kveld, har serieskaparane teke turen til Årøyelvi i Sogndal. Programleiar Kenneth Bruvik prøver å finna ut kva som er så gale med rømt oppdrettslaks og kvifor forskarane meiner at dette er den største trusselen mot villaksen, skriv NRK i ei pressemelding.


I tv-opptaka frå Årøy jobbar forskarar og lokale elveeigarar med å fanga den rømte oppdrettslaksen. Ein etter ein laks plukkast opp av elva og undersøkjast, og viss det er ein oppdrettslaks blir den drepen. 


Årøyelvi er kjent for sin store laks, men rømt oppdrettslaks truar den unike laksestammen. I serien møter ein elveeigar Knut Munthe Olsen, som er fortvila over situasjonen.


Siste saker Gå til framsida