Det vert arbeidd vidare med å få etablert fredingsområde for hummaren i Sognefjorden. (Foto: Arkiv)

Vil ta grep for hummaren

Sogn regionråd jobbar vidare med å etablera fredingsområde for hummar.

Publisert 27.02.2017 kl. 20.09.

Det er klart etter at rådmannsgruppa og regionrådet vart orienterte om temaet. Administrasjonen i rådet har bede om tilbakemelding frå kommunar som vil vera med i arbeidet innan 28. februar.


Negativ utvikling

I brevet til kommunane skriv dagleg leiar i regionrådet, Karina Nerland, at hummarbestanden har auka mykje dei siste åra, men at auka fiskeaktivitet gjer at denne utviklinga har snudd.
«Hummarbestanden har gått ned langs heile sør- og vestlandskysten. Fiskeridirektoratet viser til at fredingsområde har fleire positive effektar. I eitt av områda som vart freda i 2006 auka bestanden med 245 prosent. I tillegg auka storleiken og alderen», skriv Nerland.


Lokal forankring

Foreininga Sognefjorden Vel har kome med innspel om å etablera fredingssonar i kvar kommune for å sikra hummarbestanden for framtida.
Fiskeridirektoratet har invitert interesserte kommunar til å vera med, og ønskjer prosessar som er lokalt forankra. Ifølgje brevet er det kommunane som skal koma med innspel på lokalitetar som kan fungera bra som fredingsområde. Desse må handsamast politisk lokalt før dei vert sende vidare til direktoratet. Kommunane skal også involvera fritids- og yrkesfiskarar i arbeidet.


Konsekvensar

«Etablering av bevaringssone vil ha mindre økonomiske konsekvensar for den einskilde fritidsfiskar, men kan ha større økonomiske konsekvensar for yrkesfiskarar. Det vil vera positive konsekvensar for miljøet. Ordninga vil ikkje ha administrative konsekvensar», skriv Nerland.