SMITTESIKRING: Den ekstra løyvinga skal mellom anna gå til arbeidet med smittesikring i Nordfjella sone 1 etter at all villreinen i området er felt. (Arkivfoto: Jan Egil Fimreite)

Vil løyva 15 millionar til kampen mot skrantesjuka

Regjeringa gjer framlegg om å auka løyvinga til Mattilsynets arbeid med skantesjuke med 15 millionar kroner.

Publisert 15.05.2018 kl. 11.16.

Det går fram av revidert nasjonalbudsjett som vart lagt fram tysdag.


? Det er nå gjort eit omfattande arbeid med å kartleggja utbreiinga av skrantesjuke/CWD, og all villreinen i Nordfjella er felt. Dersom me skal lukkast med ei trygg reetablering av frisk rein i dette området, må me forsikra oss om at me har friske dyr å rekruttera frå, og at me har best mogleg kontroll på kvar smittestoffet er, seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale.


 


Overvaking

Den ekstra løyvinga skal gå til arbeidet med smittesikring i Nordfjella sone 1 etter at all villreinen i området er felt. Det blir også løyvd pengar til overvaking og betre kunnskap om mogleg forekomst av sjukdommen i resten av landet.


Etter at det vart påvist skrantesjuke i villreinflokken i Nordfjella sone 1, vart det gjort vedtak om at heile villreinflokken skulle fellast innan 1. mai 2018. Dette er no gjort. Det er i alt felt i overkant av 2100 dyr, av desse vart meir enn 1.400 dyr felt i statleg regi sist vinter.


Det vart påvist 19 tilfelle av skrantesjuke. 


Samarbeidsavtale

Området skal no haldast fritt for villrein i minimum fem år. Deretter er det planen å reetablera ein frisk og stadeigen villreinbestand i Nordfjella.


- Skrantesjuke har stilt både staten og lokalsamfunn overfor nye utfordringar. Me går no inn i ein fase med å leggja til rette for vellukka reetablering av ein frisk villreinstamme i Nordfjella. Eg er glad for at me har etablert ein samarbeidsavtale med kommunane i Nordfjella-området om dette, seier Dale.


Siste saker Gå til framsida