MEIR PLASS: Sogndal kommune treng meir plass til eit aktivitets- og arbeidstreningssenter framover, og dette bygget på Nestangen er aktuelt å kjøpa. (Foto: Renate Sæle)

Vil kjøpa bygg og etablera aktivitetssenter

Kjøp og oppgradering vil kosta nær 10 millionar kroner.

Publisert 05.12.2017 kl. 14.05. Oppdatert kl. 15.35.

Bygget på Nestangen som ein gong i tid husa Møbelringen, og no er prosjektkontor for Statens vegvesen, er blinka ut som eit nyttig bygg av kommuneadministrasjonen. 


Med formannskapet si velsigning sist torsdag er det lagd inn 9,6 millionar kroner til kjøp og oppgradering av eigedomen finansiert ved lån. Det er Sogndal ressurssenter kommunen har i tankane. Dei hari dag lokale på Kaupanger.


Fleire politikarar ytra uro for om dei involverte hadde fått sjanse til å seia si meining om prosessen.


- Eg finn ikkje uttale frå tilsette, og brukarar og verjer. Eg tykkjer det er viktig i denne saka. Når me skal kjøpa eit hus, som har vore bruk i mange år, bør me få ein takst, sa Karin Vikane (H).


- Det er viktig å gjera ting i rett rekkefølgje, sa Margrete Haug (KrF), som ville vita kvar uttrykket «løp og kjøp» brukt tidlegare i prosessen kom frå.


Rådmann Jostein Aanestad vedgjekk at han hadde vore litt for frittalande, og at det stammar frå vurderingar gjort i kommunen om at dette var eit attraktivt bygg. Rådmannen påpeikte at administrasjonen ofte må gjera ei vurdering i forkant før dei går vidare. 


Hausten 2018

- Me må ofte sjå om det er aktuelt, så må me gå vidare til politikarane, og til brukarane for å sjå om det er god løysing, sa Aanestad.


Ifølgje rådmannen fins det ein takst som ikkje er så veldig gamal, og det er lagt inn 2,1 millionar kroner til oppgradering. Går alt i orden ser kommunen føre seg å overta bygget i løpet av hausten 2018.


Kommunen ønskjer at ressurssenteret skal vera eit godt kommunalt dagtilbod for ulike målgrupper som treng aktivitet og sysselsetjing. Desse har ulikt funksjonsnivå. I eit notat til formannskapet går det fram at ressurssenteret er i god utvikling og har i dag 18 brukarar fordelt på ulike dagar. Det er knytt 4,5 årsverk til tilbodet. Men det er også ventelister, og framover er det ikkje nok plass til ta i mot fleire. Notatet skildrar også fordeler og ulemper ved noverande lokalisering, men bygget på Nestangen vil gje dei vesentleg meir plass.


Det er ifølgje rådmannen teke kontakt med relevante råd og informert om planane. Det er også avtalt eit særleg møte med brukarrepresentantar. Men nokre politikarar ville påpeika kor viktig det er at alle blir involverte, og Venstre ved Christen Knagenhjelm ville ha saka opp som eiga sak, men fekk ikkje gehør for det.


På høyring

I økonomiplanen som ligg på høyring er difor nytt aktivitetssenter med under investeringar. Der står det at «Kommunen har vore i dialog med Statens vegvesen om overtaking av gamle «Møbelringen» på Nestangen. Føremålet med ei overtaking vil vera å etablera eit aktivitets- og arbeidstreningssenter for fleire brukargrupper enn det vi har i dag.


Nestangen vil bli vurdert som lokalisering for nytt aktivitetssenter. Alle brukarane ved Sogndal Ressurssenter er busett i Sogndal sentrum, og flesteparten kan gå til Nestangen. Det vert i 2018 og 2019 lagd inn 9,6, mill. til kjøp og oppgradering av eigedomen finansiert ved lån. Auka lånekostnad vert finansert ved reduserte driftskostnader ved Sogndal Ressurssenter, reduserte arbeids- og køyrekostnader og redusert kjøp av tenester».


Les meir om: Nyhende Sogndal

Siste saker Gå til framsida