MIDLAR TIL FENGSELET: KrF vil ha 30 nye plassar ved fengselet i Vik. (Arkivfoto)

Vil kjempa for 30 nye plassar ved fengselet

Sogn og Fjordane KrF har fått inn 30 nye plassar ved fengselet i Vik i KrF sitt alternative statsbudsjett.

Publisert 02.11.2017 kl. 12.34.

KrF la torsdag fram sitt alternative budsjett med sakene KrF vil prioritera i forhandlingane med dei andre partia.


- Det er særleg gledeleg at me har fått gjennomslag for løyving til Barnehus-pilot i Førde og for 30 nye plassar ved fengselet i Vik, seier stortingsrepresentant Tore Storehaug og fylkesleiar Trude Brosvik.

FOR SOGN OG FJORDNE: Stortingsrepresentant Tore Storehaug og fylkesleiar Trude Brosvik. (Pressefoto)

60 mill. til fylkeskommunane

KrF sitt alternative budsjett inneheld også 60 millionar til fylkeskommunane (tapskompensasjon), noko som vil vera særleg viktig for drifta i Sogn og Fjordane, som er det fylket som vart hardast råka av omlegginga av inntektssystemet, vert det peika på ei pressemelding frå Sogn og Fjordane KrF.


Av pressemeldinga går det fram at KrF i sitt busjett har «retta» opp att regjeringa sine kutt i breidbandsmidlar og regionale verkemidlar, til fjorårets nivå i løyvinga.


- Me har også teke bort kuttet til kommunane på ressurskrevjande brukarar, og dei smålege kutta til frivillige organisasjonar som til dømes 4H. Vidare sikrar KrF framhald av rekrutteringsordninga ALIS for fastlegar, ei ordning fire kommunar i Sogn og Fjordane er med i. KrF har også lytta til Distrikts-Norge når det gjeld bortebuarstipend, opplyser Storehaug og Brosvik.


Flaum og ras

KrF har samla lagt inn ein auke på 111 millionar til auka flaum- og rasførebygging til NVE, noko Sogn og Fjordane har vore samstemte i kravet på, heiter det i pressemeldinga.


- Dette og mykje meir er saker KrF vil prioritera i forhandlingane med dei andre partia, i første omgang regjeringspartia og Venstre. Sogn og Fjordane KrF ventar støtte og gjennomslag for fleire av desse sakene, og for vårt fylke særleg barnehus, fengselet i Vik, flaumførebygging og tapskompensasjonen/regionale utviklingsmidlar og breidbandsmidlar, opplyser Storehaug og Brosvik.


Også ved fjorårets forhandlingar om statsbudsjettet flagg KrF saka om pengar til ei utviding av talet på soningsplassar i Vik fengsel. Då lukkast dei ikkje å få regjeringspartia med på den saka.


Les meir om: Nyhende Politikk Vik

Siste saker Gå til framsida