NYTT FYLKESVÅPEN: Fellesnemnda vedtok før jul at det skal utformast eit nytt fylkesvåpen. Det er dermed ikkje aktuelt å vidareføra eitt av dei to eksisterande fylkesvåpena. (Arkivfoto: Ingvild Ramstad/Sogn og Fjordane fylkeskommune)

Vil høyra dine idear til nytt fylkesvåpen

Nytt, felles fylkesvåpen for Hordaland og Sogn og Fjordane skal etter planen vera klart i løpet av hausten. No vil politikarane ha innspel.

Publisert 30.01.2018 kl. 14.50.

Arbeidet med å utforma fylkesvåpen for Vestlandet fylkeskommune er i gang.


Første møtet

Arbeidsutvalet, nedsett av fellesnemnda for samanslåing av Hordaland og Sogn og Fjordane til eitt fylke, hadde første møte måndag. Utvalet ber fylkesrådmennene i Hordaland og Sogn og Fjordane starta prosessen med å utforma det nye fylkesvåpenet.


Arbeidsutvalet legg opp til ein open og inkluderande prosess for utforming av det nye fylkesvåpenet. Det nye våpenet skal kommunisera og vera identitetsskapande på ein god måte med innbyggarane i fylket. Alle innspel blir vidareførde til ein designkonkurranse, går det fram av nettsidene til fylkeskommunen.


Oktober

Dei to fylkesrådmennene skal leia ei prosjektgruppe i arbeidet. Vidare skal ein fagkomite/jury med kompetanse innan kunst, historie, heraldikk og kommunikasjon vurdera og tilrå val av alternativ. 


Til hausten skal fagkomiteen/juryen leggja fram forslag for arbeidsutvalet som tilrår overfor fellesnemnda. Tilrådinga frå fellesnemnda skal bli lagd fram for fylkestinga. Etter framdriftsplanen skal dette skje i oktober. 


Fellesnemnda vedtok før jul at det skal utformast eit nytt fylkesvåpen. Det er dermed ikkje aktuelt å vidareføra eitt av dei to eksisterande fylkesvåpena.


Les meir om: Nyhende Fylkeskommunen

Siste saker Gå til framsida