HALV PRIS: Butikkleiar Marit Ellingsen inviterer til Grøn Fredag og halv pris på heile gjenbruksbutikken. (Arkivfoto)

Vil gjera Black Friday grøn

Butikkleiar Marit Ellingsen håpar mange finn vegen til NMS Gjenbruk i dag.

Publisert 24.11.2017 kl. 11.42. Oppdatert kl. 11.53.

Då vert det ikkje Black Friday, men Grøn Fredag.


Siste fredagen i november har gjennom dei siste åra blitt meir og meir kjend som den store handledagen Black Friday.


Dei siste åra har denne dagen blitt ein stor handledag i Noreg der butikkane har sal med ekstra låge prisar.


- NMS Gjenbruk, som har motto miljø, møteplass, misjon, vil heller gjera denne dagen grøn, seier Ellingsen.


Og den som handlar hjå NMS Gjenbruk handlar ikkje berre til seg sjølv.


- Me vil vera eit grønt alternativ til Black Friday. Når ein handlar hjå oss bidreg ein ikkje til auka forbruk, men snarare til det motsette, lågare utslepp og redusert avfallsmengd. Pengane me tener går til å kjempa mot fattigdom og urett og NMS sitt arbeid i heile verda.

GRØN HANDEL: På Dampskipskaien vert det Grøn Fredag som ein motpol til Black Friday den 24. november. (Arkivfoto)

Halv pris

Fredag 24. november blir det difor sal i alle NMS Gjenbruk sine 50 butikkar over heile landet.


- Hjå oss i Sogndal sel me alle varene i butikken til halv pris denne dagen. Me vil trekkja ut på gata om vêret tillèt det. Kundane vil få servert kaffi og kaker, og me vil ha langope slik som dei andre butikkane i Fjøra, seier butikkleiar Marit Ellingsen, som gler seg til Grøn Fredag og ei meiningsfylt handleoppleving.


Grønt på Damskipskaia

DNT Ung, Protect Our Winters (POW) Norge og Framtiden i våre hender Sogndal og omland, arrangerer Grøn Fredag på Dampskipskaia i Sogndal som ein boikott mot kjøpehystriet knytt til Black Friday.


- Grøn Fredag er eit arrangement som me skal ha på Dampskipskaia i Sogndal. Me oppfordrar til langtidsbruk av alt utstyr og alle klede. Derfor kan ein selje, byte og gje vekk klede og utstyr på Grøn Fredag, fortel Maria Kalhagen i DNT Ung.


Fiksa klede

- POW skal også ha ein stasjon på arrangementet der ein kan reparere klede, det blir kviss om historien til Black Friday med grøne premiar, og så skal Framtiden i våre hender ha ein presentasjon om kvifor me vil kutte reperasjonsavgifta, seier Kalhagen og håpar sjølvsagt at mange finn vegen til Dampskipskaia denne fredagen.


Siste saker Gå til framsida